Rettleiar i Nav Nordfjord
80 % fast stilling
- Frist 26.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og gjere ein forskjell? Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter!
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar til avdelinga arbeid og helse.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter nye utfordringar med eit positivt og løysingsorientert team rundt deg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for å skape moglegheiter for menneske – kvar einaste dag.
80 % fast stilling. Oppstart snarast mogleg. Oppmøtestad Stryn.
Arbeidsoppgåver
• Følgje opp brukarar som er sjukmelde eller får arbeidsavklaringspengar• Rettleie og motivere brukarar på vegen tilbake til arbeid
• Kartlegge arbeidsevne, ressursar og moglegheiter
• Samarbeide tett med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar
Kvalifikasjonar
• Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
• Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
• Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi
Det er ein fordel om du har:
• Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
• Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
• Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
Personlege eigenskapar
• Du trur på at alle kan få og behalde ein ordinær jobb, uansett helseutfordringar• Du møter folk i sårbare situasjonar med respekt, empati og profesjonalitet
• Du jobbar målretta og strukturert, og har god arbeidskapasitet
• Du motiverer andre og bygger tillit hos innbyggjarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
• Du ser moglegheiter og finn gode løysingar
• Du tek ansvar, samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
• Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
• Løn etter gjeldande tariff
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Kari Tonning, Avdelingsleiar Nav Nordfjord, 45233070, Kari.Tonning@nav.noMonica Osvold, Regionleiar Nav Nordfjord, 90095171, monica.osvold@nav.no
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5112473484
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459759350
- Sist endret