Reiselivskoordinator
Stryn Kommune
- Frist 1.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa?
Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator.
Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet.
Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane.
Arbeidsoppgåver
- Handtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn
- Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling
- Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong
- Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling
- Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan
- Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon
- Prosjektoppfølging
- Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reiselivsnæringa
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing)
- Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar)
Det er ønskjeleg med:
- Interesse for lokal samfunnsutvikling
- Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning
- Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere
- Utadvendt og serviceinnstilt
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
- Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell
- Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.
Kontaktinformasjon
Siv Randi Berstad, Avdelingsleiar berekraft og næring, 92696376, siv.berstad@stryn.kommune.noArbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5111176183
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459365408
- Sist endret