Undervisning på arboristutdanning
Vestland fylkeskommune
- Frist 27.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Undervisning på arboristutdanning
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Ved studiestad Hjeltnes i Ulvik har Fagskulen Vestland ledig delstilling som lærar innan arboristfag. Linja er den einaste i Noreg og vi treng deg til å utdanne framtidas arboristar. Studiet er på deltid og har samling omlag ei veke kvar månad. Vi treng lærar i både praktiske opplæring og i teoretiske emner. Størrelsen på stillinga er på omlag 50-60%, og kan eventuelt delast på fleire personar etter søkars kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Undervise og rettleie fagskulestudentar i både praktiske og teoretiske emne knytt til arboristutdanninga
- Utvikle gode undervisningsopplegg saman med dei andre lærarane
- Bidra til vidareutvikling av utdanninga
- Utvikle relevante arbeidskrav for studentane og gjennomføre vurdering
Det kan verte aktuelt med fagkoordinering av utdanninga, i tillegg til undervisning.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som arborist (fagskuleutdanna arborist, sertifisert European Tree Worker, sertifisert ISA arborist eller tilsvarande), høgare utdanning innan plantevitenskap, biologi el
- Brei erfaring innan arboristfaget
- Pedagogikk eller undervisningserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og ønske om å formidle kunnskap både teoretisk og praktisk
- Du ønsker i bidra med din faglege kunnskap og utvikle deg vidare saman med dyktige kollegaer og studentar
- Du brenn for faget og har evna til å engasjere deg og samtidig engasjere andre
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
FerdigheterAI-generert
- Biologi
- European Treeworker Certificate
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hjeltnesvegen 185, 5730 Ulvik
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Faglærer(IT, idrett, kunst)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
arborist, trepleie, arboristlærer, trær
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459092845
- Sist endret


