Helsesjukepleiar 100% fast stillingStryn helsestasjon
Stryn Kommune
- Frist 28.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du gjere ein skilnad for barn og unge i Stryn?
Er du helsesjukepleiar – eller under utdanning til å bli det – og ønskjer ein jobb der du verkeleg kan bidra til tryggleik, helse og trivsel for barn, ungdom og familiane deira? Då har vi ei spennande moglegheit for deg!
Kvifor velje oss?
- Eit levande og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver som spenner frå helsefremmande arbeid til tett foreldrestøtte
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – vi legg til rette for kurs, rettleiing og kompetanseheving
- Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre og jobbar i lag
- Velutvikla tverrfagleg samarbeid med andre tenester som jobbar for barn og unge – med etablerte møtepunkt og gode strukturar
- Stryn er ein kommune med levande lokalsamfunn og nærleik til fjord, fjell og eit breitt spekter av friluftsaktivitetar. Her finn du gode oppvekstvilkår, variert kulturtilbod og natur som inviterer til aktiv fritid året rundt.
Om oss
Helsestasjonen held til i moderne lokalar på Stryn helsesenter, Setrevegen 4. Her jobbar helsesjukepleiarar, jordmor, sjukepleiar, fysioterapeut og sekretær – i tillegg til lege knytt til tenesta. Vi samarbeider tett med skular og barnehagar, og kommunen har gode, etablerte strukturar for tverrfagleg samarbeid. Vi legg vekt på tidleg innsats, trygge relasjonar og heilskapleg oppfølging av barn, unge og familiar.
Arbeidsoppgåver
Som helsesjukepleiar vil du jobbe med barn og unge frå 0–20 år og familiane deira. Du får varierte og meiningsfulle oppgåver, mellom anna:
- Kartlegging og oppfølging av barn og ungdom si helse, trivsel og utvikling
- Helseopplysning og undervisning i klassar og grupper
- Rettleiing om seksuell helse og prevensjon
- Foreldrerettleiing individuelt og i grupper
- Tverrfagleg samarbeid på system- og individnivå
- Vaksinering og smittevernarbeid
- Oppfølging av flyktningar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og godkjend vidareutdanning som helsesjukepleiar.
- Søkarar som er under utdanning, eller som har planlagt oppstart seinast hausten 2027, kan bli vurderte. Desse må forplikte seg til å fullføre studiet innan normert tid og inngå bindingstid på 2 år ved tilsetting. Søkarar med fullført helsesjukepleiarutdanning vil bli prioritert.
- Dersom du ikkje har vidareutdanning som helsesjukepleiar, er det ein fordel med relevant erfaring frå arbeid med barn, unge og foreldre – gjerne frå helsestasjon, skulehelsetenesta eller anna førebyggande helsearbeid
- Erfaring frå førebyggande psykisk helsearbeid med barn, unge og foreldre vil bli særleg vektlagt
- Sertifisering innan ICDP, COS-P, PMTO eller andre foreldrerettleiingsmetodar er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter
- Førarkort klasse B og tilgang til bil
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein trygg og fagleg engasjert person som:
- Kommuniserer godt og skaper tillit i møte med barn, foreldre og samarbeidspartnarar
- Er varm, lyttande og tydeleg i samtalar, også når tema er krevjande
- Arbeider strukturert og sjølvstendig, og samtidig trivst med samarbeid i eit tverrfagleg team
- Tek initiativ, er fleksibel og finn gode løysingar i ein arbeidssituasjon som kan vere variert og uforutsigbar
- Bidreg positivt til eit lærande og utviklingsorientert fag- og arbeidsmiljø
Klar for å bli ein del av vårt team?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat – vi vil gjerne høyre frå deg!
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
Kontaktinformasjon
Hilde Nordli Løvik, Leiande helsesjukepleiar, 941 70 726Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 957 33 547
Arbeidsstad
Setrevegen 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5109478832
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459072202
- Sist endret

