Lærar - Akvakultur
Vestland fylkeskommune
- Frist 14.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærar - Akvakultur
Austrheim vgs er skulen med høg trivselsfaktor og kjempegodt skulemiljø. Skulen ligg flott til i Mastrevikane i Austrheim kommune. Med andre ord, midt i Vestland fylke. Her er det gode relasjonar mellom elevar og tilsette, variert undervisning og særs godt arbeidsmiljø. Skulen har stort fokus på utviklingsarbeid, og er alltid modig og open i si tilnærming. Skulen har omlag 275 elevar fordelt på ulike yrkesfaglege utdanningsprogram og studiespesialisering.
Arbeidsoppgåver
Undervising og oppfølging av elevar:
- Undervisning/opplæring primært på vg2 akvakultur
- Noko undervisningspå vg1 naturbruk (blå) kan også vere aktuelt.
- Kontaktlærarfunksjon
- Andre oppgåver/funksjonar kan bli lagt til stillinga.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Faglege kvalifikasjonar:
Det er eit minimum for å bli vurdert til stillinga at du har fagbrev i akvakultur eller høgare utdanning i akvakultur, fiskehelse eller marinbiologi.
Det er vidare ynskjeleg med godkjend pedagogisk utdanning, dvs yrkesfaglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning, og søkjarar som har dette vil gå framfor andre søkjarar. Søkjarar som ikkje har dette, kan bli tilsett på vilkår av at slik utdanning blir gjennomført i kombinasjon med jobb.
Det er ynskjeleg med arbeidserfaring frå oppdrettsnæringa og erfaring frå undervisning.
Anna kompetanse:
- Erfaring i bruk av IKT.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Utover det er følgjande eigenskaper viktig:
* Evne til å bygge gode relasjonar til elevane.
* Vilje og evne til å tenkje nytt for å utvikle undervisninga.
* Gode samarbeidsevner og vilje til lagspel.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Eit særs godt arbeidsmiljø.
FerdigheterAI-generert
- Akvakultur
- Fiske og akvakultur
- Fiskeoppdrett
- Marinbiologi
- Praktisk-pedagogisk utdanning
- Undervisningskompetanse innen naturbruk og landbruksfag
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5943 Austrheim
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458045752
- Sist endret


