Undervisningsstillingar i årsvikariat
Firda vidaregåande skule
- Frist 14.4.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledige undervisningsstillingar i årsvikariat i inntil 250 % , med tilsetting 01.08.2026.
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen ca 100 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca 65 tilsette ved skulen.
Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: musikk, dans, drama, studiespesialiserande, idrett og helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne. Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle fag for stillingane kan vere matematikk, naturfag, fysikk, biologi, norsk, historie, tysk, kroppsøving.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Det er aktuelt med undervisning i alle utdanningsprogramma våre, på nettskule og i vaksenopplæringa.
Storleiken på stillingane er avhengig av kva fagkombinasjonar aktuelle søkjarar har i forhold til skulen sine behov.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse frå høgskule eller universitet i aktuelle fag.
- PPU og gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- God kjennskap til bruk av digitale læremiddel
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er
- Tydeleg og trygg vaksen
- God på relasjonsbygging og har god evne til å kommunisere
- Positiv og likar å jobbe med ungdom
- Fleksibel, utviklings- og løysingsorientert
- Sjølvstendig og samtidig opptatt av å skape gode relasjonar og samarbeid
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no.
Det vert teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det vert òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og opplæringstilbodet ved skulen. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist: 14.04.2026
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til assisterande rektor Magne Larsen, tlf 415 30 887 eller rektor Tove Hanne Ommedal, tlf. 930 93 933
Kontaktinformasjon
Magne Larsen, ass. rektor , 41530887Tove Hanne Ommedal, rektor, 93093933
Arbeidsstad
Firdavegen 216823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5104582247
Stillingsprosent: 75%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 14.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457560482
- Sist endret

