Sjukepleiar 100 % fast - Ostereidet omsorgsbustad pluss
Alver kommune
- Frist 15.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar søkjast til Ostereidet - her er både humøret og utsikta på topp.
Om stillinga
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter? Me har ledig to faste sjukepleiarstillingar på 100 % ved Ostereidet omsorgsbustad pluss. Med årsturnus og arbeid i snitt kvar 3. helg, så får du moglegheita til å planlegge balansen mellom arbeid og fritid på ein god måte.
Om avdelinga
Ostereidet omsorgsbustad pluss består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet.
Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning.
Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande.
Avdelinga består av flotte kollegaer: Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, reinhaldsarbeidarar og kjøkkenpersonalet. Me har også lærlingar og praksiskandidatar.
Me har eige nattpersonale ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Som eit prøveprosjekt har vi innført ordning med "sjukepleiar på topp" på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for beboerene i omsorgsboligenen samt heimebuande i Ostereidet distrikt. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
På vakter utanom sjukepleiar på topp vil du inngå i bemanninga på Ostereidet omsorgsbustad pluss og oppfølgning av den enkelte brukars behov.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2- test
Me ser etter deg som:
- Er effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
- Er sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner lett løsningar.
- Er fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situasjoner og klarer å prioritere.
- Er glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
- Er positiv. Du er ein humørspredar - blant kollegaer og brukarane.
- Er ein lagspelar. Du bidrar til eit godt samarbeid med brukar, pårørande, kollegaer og andre.
- Er villig til å lærer opp og dele din kompetanse med andre kollegaer, studenter og lærlinger.
- Er framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.
Me tilbyr
- 10 000 kr over garantilønn ut frå ansiennitet
- Kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Me er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av
- 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
- 2 omsorgsbustad pluss avdelingar: ein på Manger med 22 leiligheter og ein på Ostereidet med 28 leiligheter. Her bur bebuarane i eigne leiligheter og omsorgsbustadane er bemanna 24/7.
- Kommunalt kjøkken og ressursbank er òg organisert i sjukeheimstenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Eidavegen 512, 5993 Ostereidet
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452975752
- Sist endret
