Avdelingsleiar Frekhaug - Habiliteringstenesta
Alver kommune
- Frist 09.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Nyoppretta spanande stilling for deg som vil være med å utvikle tenesta vår!
Vil du vere med å forme framtida for tenestene våre - og skape eit fagmiljø som gjer ein forskjell?
Me er på jakt etter ein avdelingsleiar som vil få ei nøkkelrolle i å byggje vidare på eit fagmiljø prega av kvalitet, samarbeid og vekst. Stillinga er nyoppretta og du vil på den måten vere ein viktig pådrivar i oppstart og planlegging, og bidra til å forme ei avdeling der både tilsette og tenester får utvikle seg.
Som avdelingsleiar får du personal- og fagansvar for di eiga avdeling; med eit reelt høve til å vere med å forme stillinga frå starten av. Stillinga er ei dagstilling med fleksitid (37,5 t/v) med stor grad av autonomi i korleis du løyser arbeidskvardagen. Du får eit spesifisert ansvarsområde, utan å stå med det heilskaplege ansvaret aleine, i tett samarbeid med einingsleiar. Du vert også ein del av leiargruppa i avdelinga; eit team som står saman for å skape gode løysingar. Du kan òg få tildelt oppgåver innan til dømes økonomi og HMS, samt moglegheit for konstituering kan opne seg ved fråvær.
Er du ein person som har engasjement for utvikling, som ser potensialet i menneske og miljø, og som ikkje er redd for å ta initiativ? Då ser me fram imot å høyra frå deg!
Om oss
Habiliteringstenesta gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til mennesker med funksjonsvariasjonar. Me rettar fokuset på det einskilde menneske i utvikling. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til kvar og ein. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. Hjå oss er det eit tverrfagleg miljø.
Avdelinga er ny etter kommunesamanslåinga i 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og berre 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar, samt at bussen stoppar like ved.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift
- Personalansvar
- Saman med einingsleiar ha ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innanfor ramma av dei ressursane avdelinga disponerer.
- Ansvarleg for at avdelinga arbeidar etter kommunen sine fag- og kvalitetssystem
- Gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørge for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla sett har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
- Ta initiativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med brukarar og pårørande
Kompetanse
- Autorisert vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring frå tenesteområdet kan og bli vurdert.
- Arbeidserfaring for mennesker med funksjonsvariasjonar og målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Det er eit føremon om du har:
- Veiledarkompetanse
- Relevant leiarutdanning
- Relevant arbeidserfaring som leiar med personalansvar
- Innsikt i korleis kommunale tenester er organisert og erfaring med kommunale fagsystem
- Erfaring med HOL Kap.9
- Erfaring med psykisk helsearbeid
Kven er du?
- Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tek tydelege avgjerder.
- Du er initiativrik, engasjert og opptatt av utvikling for det einskilde mennesket.
- Du kommuniserer godt, byggjer relasjonar og skapar tillit.
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
- Du tek ansvar og er ein pådrivar for å byggje felles kultur.
- Du reflekterer etisk og fagleg over komplekse problemstillingar.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og god til å prioritere.
- Du inspirerer og motiverer andre.
- Du ser utviklingsmoglegheiter - og handlar på dei.
- Du samarbeider godt, men arbeider òg sjølvstendig.
Dei personlege eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på
Me tilbyr
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring og støtte i leiarrolla
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering
- Kompetent fagmiljø med høg kvalitet i tenestene
- Engasjerte kollegaer med brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Internkontroll
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har me eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451910322
- Sist endret