Helsesekretær/Sjukepleiar - legetenesta
Alver kommune
- Frist 16.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere ferievikar eller tilkalllingsvikar på legekontor?
Kort om stillinga
Legekontora i Alver kommune har behov for ferievikarar og tilkallingsvikarar på kontora. Vil du være med og bidra til at legekontora kan tilby gode helsetenester i sommarmånadane?
Vi søkjer helsesekretærar og sjukepleiarar som er fleksible, fagleg trygge og likar å jobbe i eit travelt og triveleg arbeidsmiljø. Det kan vere aktuelt å kombinere arbeid ved fleire legekontor i kommunen.
Det er mest aktuelt med arbeid frå veke 26 - 33.
Aktuelle avdelingar
- Lindås legekontor
- Radøy legesenter
- Knarren legekontor
- Frekhaug legekontor
- Ostereidet legekontor
- Knarvik allmennpraksis
Arbeidsoppgåver
- Skiftestovearbeid
- Telefon og resepsjon
- Laboratoriearbeid
- Økonomirutiner og driftsoppgåver etter avtale med legane
- Vi ønskjer òg at du tek initiativ og bidreg i kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar/ønskjeleg kompetanse
- Autorisert helsesekretær
- Autorisert sjukepleiar
- Dersom du er nyutdanna helsesekretær og ventar på autorisasjon eller 2. års sjukepleiarstudent kan du vurderast til arbeid som ferievikar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Grunnleggjande god digital kompetanse
Ønskjeleg kompetanse:
- Erfaring frå legekontor eller anna relevant erfaring
- Erfaring med infodoc
Kven er du
Vi søkjer ein helsesekretær som er trygg i fagrolla og utfører arbeidsoppgåvene sine i tråd med kunnskapsbasert praksis. Du har gode samarbeidsevner og trivst i ein travel kvardag der du møter mange ulike menneske.
Du handterer pasientar på ein profesjonell, roleg og serviceinnstilt måte, og skaper tryggleik gjennom god kommunikasjon.
Vi ser etter ein person som tek initiativ og bidreg aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid ved legekontoret. Du arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i tett samarbeid med legar og kollegaer.
Fleksibilitet er viktig, både når det gjeld oppgåver og arbeidstad - du taklar endringar godt og bidreg positivt der behovet er størst.
Du har godt humør, er løysingsorientert og ein positiv bidragsytar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Arbeid på dagtid
- Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Opplæringsvakter
- Løn etter gjeldande avtale
- God pensjonsordning
- Gratis parkering
Politiattest
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Grunnleggende sykepleie
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Annet, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Resepsjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452960450
- Sist endret

