Kommunalsjef for oppvekst og kultur
Stord kommune
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtida for barn og unge i Stord?
Kvar dag er rundt 3500 barn og unge i møte med barnehagar, skular, førebyggjande tenester og kulturarenaer i Stord kommune. Nokre tek sine første steg i barnehagen. Andre møter ein ny skuledag med både spenning og usikkerheit. Nokre finn meistring på bana, på scena eller i klasserommet. Alle søkjer retning og framtid, og nokre treng i periodar tett oppfølging frå PPT, helsestasjon eller barnevern når livet blir krevjande. Oppvekst- og kultursektoren rommar både glede og sårbarheit. Dette er levekåra som formar framtida.
Stordsamfunnet er kjend for å byggje store installasjonar som toler vêr og vind. Like viktig er det vi byggjer i barnehagar, skular og kulturarenaer: robuste barn og unge som skal bere livskrafta i Stord vidare. Kvaliteten i oppveksten er eit fundament for gode liv, sterke fellesskap og framtidig verdiskaping.
For å vidareføre og utvikle arbeidet i oppvekst- og kultursektoren søkjer Stord kommune no ein ny kommunalsjef.
Stillinga er del av kommunedirektøren si leiargruppe og har det overordna ansvaret for barnehage, skule, førebyggjande tenester, barnevern, vaksenopplæring og kultur.
Sektoren står i ei tid med demografiske endringar. Elevtalet vil gå ned dei komande åra, og dette krev gjennomtenkte prioriteringar og tydeleg leiing. Som kommunalsjef skal du skape heilskap, sikre god ressursbruk og vere ein stødig leiar for einingsleiarane i eit av kommunen sine mest sentrale ansvarsområde. Stord kommune praktiserer utvida partssamarbeid.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Leie og utvikle einingsleiarane, og vere ein tydeleg og tilgjengeleg støttespelar i deira leiaransvar
Skape samordning og heilskap på tvers av barnehage, skule, førebyggjande tenester, barnevern og kultur
Sikre god økonomistyring og gjennomføre nødvendige prioriteringar i tråd med langsiktige mål
Utarbeide og legge fram solide beslutningsgrunnlag, og følgje opp politiske vedtak med tydeleg gjennomføring
Leie utviklings- og omstillingsprosessar i dialog med tillitsvalde og medarbeidarar
Vidareutvikle partssamarbeid, arbeidsmiljø og organisasjonskultur
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Me ser etter ein leiar med relevant høgare utdanning og god leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor og oppvekstfeltet. Du har god forståing for kommunal økonomi, styring og politiske prosessar, og erfaring med utviklings- og endringsarbeid.
Me legg særleg vekt på at du:
er trygg, tydeleg og tillitsbasert i leiarrolla
kommuniserer ope, ærleg og føreseieleg
har høg relasjonskompetanse og evne til å byggje tillit
evnar å sjå heilskap og prioritere i krevjande situasjonar
har gjennomføringsevne og strategisk blikk
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
Ei meiningsfull og utfordrande toppleiarstilling i ein kommune med høge ambisjonar for oppvekst og samfunnsutvikling. Du blir del av ei samla leiargruppe og får reell moglegheit til å påverke framtida for barn, unge og lokalsamfunn.
Løn og vilkår er i samsvar med gjeldande avtaleverk. Kommunen har offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar.
Administrasjonsspråket i Stord kommune er nynorsk.
Søknad og kontakt
For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med
Kommunedirektør Mariann Jacobsen Hilt, telefon 414 16 503, eller Personal- og organisasjonssjef, Jon Eirik Kvalnes, telefon 993 89 562.
Søknad med CV sender du elektronisk via kommunen sitt søknadssystem innan 22.mars.
I samsvar med offentleglova § 25 vil søkjarlista vere offentleg. Søkarar kan be om unntak frå offentleggjering, men må i så fall grunngje dette i søknaden. Dersom anmodning om unntak ikkje vert teke til følgje, vil søkjar bli varsla før offentleggjering.
Ferdigheter
- Controlling
- Endringsledelse
- Ledelse
- Økonomistyring
- Politikk
- Skole
- Utdanning
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Bergen og Stavanger, og er kommunikasjons- og regionsenter i ein av Vestlandets mest spennande industriregionar. Kommunen har om lag 19 500 innbyggjarar. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet, og både E39 og Stord lufthamn gjer kommunen lett tilgjengeleg frå resten av landet.
Under visjonen «Saman om utvikling og velferd» har Stord ambisjonar om å vera ein attraktiv vekstkommune – ein liten by for det heilt store. Kommunen har eit rikt tilbod innan kultur, idrett, utdanning, handel og friluftsliv, og eit engasjert lokalsamfunn med sterke fellesskap. Verdiane open, nyskapande, respektfull og brukarorientert pregar arbeidet til både folkevalde og tilsette, og ligg til grunn for korleis kommunen yter tenester, samarbeider og utviklar seg vidare
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5417 Stord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunalsjef, oppvekst, kultur, skule, leiing
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452822735
- Sist endret
