Kommunalsjef helse, sosial og omsorg
Bømlo kommune
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommunalsjef helse, sosial og omsorg
Vil du ha ei nøkkelrolle i utviklinga av dei viktigaste tenestene i kommunen?
Me søkjer ein strategisk og utviklingsorientert kommunalsjef som vil leia og vidareutvikla helse-, sosial- og omsorgstenestene i Bømlo kommune. Du får eit overordna ansvar for fag, økonomi, leiing og utvikling innan eitt av dei største tenesteområda våre. Samstundes får du ei viktig rolle i å forklara endringsbehov og prioriteringar på ein open og forståeleg måte, i dialog med innbyggjarar og samfunnet rundt oss.
Ansvarsområdet omfattar sentrale helse- og velferdstenester gjennom heile livsløpet, frå heimebasert og institusjonsbasert omsorg til legetenester, psykisk helse og rus, flyktningtenester, Nav, rehabilitering og forvaltning.
Stillinga rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Leia og vidareutvikla helse-, sosial- og omsorgstenestene
- Ansvar for strategisk planlegging, tenesteutvikling og god kvalitet
- Styrka innovasjon, digitalisering og samhandling på tvers
- Overordna fag- og økonomistyring for heile området
- Sikra god økonomistyring og oppfølging av planar og vedtak
- Arbeida tett saman med leiing, tilsette, politisk nivå, innbyggjarar og samarbeidspartnarar
- Bidra aktivt i leiing og i utviklinga av Bømlo kommune
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne master
- Leiarerfaring frå større og komplekse organisasjonar
- Erfaring frå helse- og omsorgsfeltet i offentleg sektor er eit føremon
- Erfaring med strategisk leiing, endringsarbeid og økonomistyring
- God rolleforståing og gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Du må kunne uttrykka deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Tydeleg, trygg og samlande leiar
- Kommunisera klart og forståeleg, og om krevjande prioriteringar og endringar
- Evne til å skapa engasjement og resultat gjennom medverknad
- Tenkjer langsiktig og jobbar systematisk med utvikling
- Løysingsorientert og handlekraftig, og i krevjande situasjonar
- Byggjer tillit og gode relasjonar
- Har høg integritet
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Leiarutviklingsprogram
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kjetil Aga Gjøsæter eller Vanja Espeland.
FerdigheterAI-generert
- Controlling
- Digitalisering
- Økonomistyring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Leirdalen 1, 5430 Bremnes
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kommunalsjef, helse, livsmestring, digitalisering, sosial
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452808143
- Sist endret
