Driftsoperatør vassverk, Driftsoperatør lekkasje og Driftsoperatør leidningsnett
Stord Vatn og Avløp AS
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Sikre reint vatn til innbyggjarane i Stord kommune
Stord Vatn og Avløp AS er eit kommunalt eigd aksjeselskap med ansvar for drift og utvikling av vass- og avløpsinfrastruktur i Stord kommune. Me er ein viktig aktør i arbeidet med å sikre berekraftig utvikling og trygg vassforsyning for innbyggjarane.
Stord Vatn og Avløp AS har 33 tilsette som jobbar saman i eit sterkt fagmiljø og tilbyr interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Me har tett samarbeid med rådgjevarar og entreprenørar for å sikre eit trygt VA-anlegg.
Hugs å opplysa om kva stilling du søkjar på.
Driftsoperatør vassverk
Utdanning og erfaring:
Fagbrev som driftsoperatør, kjemi, prosess, elektro, automasjon eller annet relevant fagbrev.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
Driftsoperatørkurs innanfor vassverk er ønskeleg
Ordinært førarkort kl. B
Anlegget har avansert drifts overvakingssystem, og søkjer må beherske bruk av ulike dataverktøy
Arbeidsoppgåver
Drift, vedlikehald og optimalisering av vassverket
Vere med i den daglege drifta av vassverket
Drift av vassmålarstasjonar, høgdebasseng og damanlegg.
Forfallande arbeid innan vass- og avløpsnettet
For stillingen som Driftsoperatør lekkasjesøk
Utdanning og erfaring:
VVS/VA røyrleggar. Anna relevant fag-utdanning/erfaring kan bli vurdert som aktuell.
ADK
Førarkort kl. BE
Gode norskkunnskapar- både munnleg og skrifteleg
God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering
Arbeidsoppgåver
Drift av vatn og avløp
Vasslekkasjar
Vedlikehald av vasskummer og leidningsnett
Stenging av vatn for prosjekt og private
Prøvetaking av vasskvalitet
Leite etter vasslekkasje på kommunale/private leidningar
Bruk av inspeksjonskamera og traselytting
For stillingen som Driftoperatør leidningsnett gjeld følgande:
Utdanning og erfaring:
Maskinførarbevis.
ADK
Maskinførar med erfaring i VA-grøft(kombiman)
Førarkort kl. BE
Gode norskkunnskapar- både munnleg og skrifteleg
Traktor erfaring
God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering
Arbeidsoppgåver
Drift av vatn og avløp
Vasslekkasjar
Utføre arbeid/graving i grøft og montering av VA-anlegg
Stenging av vatn for prosjekt og private
Vedlikehald av avløpsstasjonar
Du vil operera gravemaskiner av varierande storleik i samband med arbeid på leidningsnett og anlegg.
Vedlikehald av maskiner og utstyr
Montering og plassering av kummer i samband med arbeid på leidningsnett og anlegg.
Felles for alle stillingene gjelder;
Me tilbyr
Moglegheit for å bidra til viktig samfunnsnyttig utvikling av framtidas infrastruktur
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Godt og inkluderande arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknad og CV kan sendast til post@stordva.no
Sjå utlysning av dei ulike ledige stilligane på: www.stordva.no
Ferdigheter
- ADK-1 Bevis
- Automatisering
- Beltegravemaskin
- Betjene gravingsanleggsmaskiner
- Grave kloakkgrøfter
- Kjøre traktor
- Lekkasjesøking
- Vedlikehold av utstyr
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Nyoppretta aksjeselskap for vatn og avløp i Stord kommune.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Rundehaugen 45, 5406 Stord
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Maskinfører og -operatør, Vann- og miljøteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleder, prosjekt, prosjektledelse, teknisk, vann
Tilsette (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451883266
- Sist endret
