
Psykologspesialist
Bufetat
- Frist 25.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist
Ledig fast 100 % stilling som psykologspesialist i Senter for foreldre og barn. Stillinga er ledig frå 01.10.2026.
I Senter for foreldre og barn i Stavanger jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi jobbar med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid – alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.
Senteret i Stavanger er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0–6 år, med prioritering av 0–2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3.
Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, i dagtilbod og døgnbasert.
Vi er eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil jobbe saman med folk som støttar kvarandre, stiller spørsmål, utfordrar og vil kvarandre vel.
Kven ser vi etter?
- Vi leitar etter deg som ikkje kjem til å slutte å bry deg.
Du som tenkjer: “Dette er meir enn ein jobb – dette er viktig.”
Du har erfaring frå arbeid med dei minste barna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing. - Du står stødig i faget, og du er nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet.
Og du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar – og som toler at ingen dagar er heilt like.
Arbeidsoppgåver
- Bistå teama i utreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§2-2, 2-3 og 3-1
- Bistå teama i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel
- Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn
- Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy
- Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
- Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og i samarbeidsmøte
- Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss
- Rettleiing av tilsette
- Samarbeid på tvers med andre psykologer i eininga
- Bistå andre senter i eininga ved behov. Dette kan innebere noko reiseverksemd knytt til oppdrag for dei andre sentra i eininga.
Kvalifikasjonar
Det er krav om å ha:
- Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning - helst innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen er og aktuell.
- Erfaring frå arbeid med familiar med sped- og småbarn.
- Erfaring med utgreiing og rettleiing.
- Erfaring med foreldra si psykiske fungering og familiar i risiko.
- Kjennskap til relevante barnevernsfaglege metodar.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving.
- Sertifikat for personbil.
Det er ønskjeleg at du har:
- Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn.
- Sertifisering / ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid.
- Rettleiings- og undervisningserfaring.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet.
- Tør å bringe nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordre etablert praksis.
- Har gjerne ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna.
- Har god fagleg refleksjon og vurderingsevne.
- Er lærevillig, fleksibel og har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Er god på samarbeid.
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Har normalt gode digitale ferdigheiter og forståing.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko.
- Eit fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
- Ein arbeidsplass der vi jobbar seriøst – men utan å ta oss sjølve altfor høgtideleg.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.
- Du kan trene éi time per veke i arbeidstida.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit endå betre tilbod – og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
- Stillinga som psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 800 000 - 900 000.
- Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte kandidatar kan noko høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søker
- Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Senter for foreldre og barn, avdeling Stavanger.
- Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke legges med søknaden.
- Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
FerdigheterAI-generert
- Klinisk psykologi
- Kvalitetssikring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torleiv Kvalviks gate 9, 4022 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist, Sped- og små barn, Barnevern
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452776622
- Sist endret



