
Vaken nattevakt - vikariat
Bufetat
- Frist 11.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat - vaken nattevakt
Kasa ungdomssenter ser etter deg som ønsker å jobbe i eit 9 måneders vikariat på natt - med molegheiter for forlenging
Vi søkjer miljøterapeut som trivst med nattarbeid og har stort engasjement for ungdom.
Kasa ungdomssenter er eit statleg omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 til 18 år. Vi rekrutterer no vikariat for vaken nattevakt ved vår avdeling på Tertnes.
Gjennom traumebevisst omsorg skal Kasa etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling.
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og eit varmt hjarte for ungdom som treng trygge og kompetente miljøterapeutar rundt seg, slik at dei kan få eit godt og meiningsfullt liv som vaksne.
Gjeldande vikariat har ei varigheit på 9 månader, frå mai 2026 til februar 2027, med moglegheit for forlenging. Det kan også være molegheiter for fleire vikariat av ulik storleik og varigheiter ved eininga.
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
- Nattevakta har særleg ansvar for å skape og bistå ungdommane med å finne ro og tryggleik om natta.
- Å vere miljøterapeut på natt inneber å bidra aktivt i det faglege og miljøterapeutiske arbeidet ved avdelinga, i samsvar med prinsippa for traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og gjeldande faglege føringar.
- Som nattevakt har ein ansvar for å vere vaken gjennom heile vakta, og inngår i eit team saman med to kvilande nattevakter som arbeider etter langturnusordning for tida.
- Må kunne stå i sjølvstendige vurderingar på eiga hand i krevjande situasjonar.
- I tillegg til det miljøterapeutiske arbeidet, inneber stillinga praktiske og huslege oppgåver, samt vedlikehald i og omkring avdelinga.
- Nattevakt har òg ansvar for å medverke til det daglege dokumentasjonsarbeidet, i tråd med gjeldande rutinar og krav til fagleg kvalitet.
- Delta og ha ansvar for overlapping ved vaktskifte
- Delta i fagmøte og rettleiing.
Kvalifikasjonar
Du må ha:- Treårig sosialfagleg høgskuleutdanning (bachelor) som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar, tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad vil og bli vurderte.
- Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med relevant erfaring kan også søkje.
- Gode skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk et eit krav.
- Evne til sjølvstendig arbeid med dokumentasjon, og god kompetanse i bruk av digitale verktøy.
- Førarkort klasse B.
Ønskjelege kvalifikasjonar: - Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til relevant lovverk, traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som :
- Har gode evner til å bygge relasjon.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Har godt humør, og som likar å arbeide med og for ungdom.
- Er løysingsfokusert og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
- Er trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Er fleksibel og trivast med store utfordringar.
- Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
- Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Har god fysisk og psykisk helse.
Vi tilbyr
- Eit solid fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
- Moglegheita til å vere med og vidareutvikle tilbodet vårt, slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit endå betre tilbod – noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr år.
Opplysningar til deg som søkjer: - Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
- Stillinga er for tida lagt til Kasa ungdomssenter, avd. Tertnes.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
Dersom du ønskjer å ikkje stå på den offentlege søkjarlista, må dette grunngivast i søknaden. Vi tek kontakt med deg dersom ønsket ikkje kan takast til følgje.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertneshøyden 33B, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Institusjon, Nattevakt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452642827
- Sist endret



