Stipendstillingar i helse- og sosialfag
Høgskulen i Volda
- Frist 23.04.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Stipendstillingar i helse- og sosialfag
Om stillinga
Høgskulen i Volda søkjer etter stipendiatar til Avdeling for Samfunnsfag og historie, Institutt for sosialfag (ISF). Vi har inntil tre ledige stillingar knytt til doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag. Vi tar imot søknadar med tema som har relevans for helse- og sosialfagleg arbeid. Vi er særleg interessert i gode prosjekt som er relevante for arbeid med born, unge og familiar. Eksempel på aktuelle innretningar er:
Profesjonsutøving i rusarbeid retta mot ungdom. Å arbeide med ungdom som bruker rusmiddel på problematiske måtar kan innebere andre utfordringar og moglegheiter for profesjonsutøvaren enn når brukaren er vaksen. Det er behov for meir kunnskap om korleis profesjonsutøvarar opplever å arbeide med ungdom med problematisk rusmiddelbruk, og korleis dei vurderer og handterer særlege utfordringar og moglegheiter i møte med denne gruppa.
Handtering av dilemma og spenningar i Nav/barnevern. Yrkesutøvinga i Nav og barnevern er prega av spenningar og dilemma som set profesjonsutøvaren i eit krysspress som kan vere vanskeleg å handtere. Feltet trenger meir kunnskap om individuelle, kollektive og organisatoriske meistringsmekanismar som kan bidra til å skape berekraft og kvalitet i tenestene.
Sårbare overgangar. Ungdommar med ein livssituasjon prega av utanforskap, uvisse og negative erfaringar med skule og hjelpeapparat møter ofte utfordringar i overgangar mellom utdanningsnivå eller i overgangen til arbeidslivet. Dårleg psykisk helse, kan føre til låg meistringskjensle og svake sosiale nettverk med resultat som passivitet, redusert tru på eigne moglegheiter og manglande deltaking i fellesskapet. Her er det behov for meir kunnskap om korleis ein kan tilby tett, heilskapleg og tilpassa støtte i ein sårbar fase av livet.
Andre søknadar med relevans for helse- og sosialfagleg arbeid vil også bli vurderte.
Vi inviterer søkarar til eit digitalt seminar torsdag 5. mars, kl. 13-14 der vi vil orientere om utlysinga, gi tips til utarbeiding av gode prosjektskisser og kva som blir vektlagt i vurderinga av søknader. Det blir høve til å stille spørsmål. Du kan melde deg på til søkarseminaret her: https://nettskjema.no/a/595244 (https://nettskjema.no/a/595244)
Stipendiatstillingane er utdanningsstillingar som først og fremst skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillingane har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingane er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.
Stipendiatane vert tilsette for ein periode på tre år med rein forskarutdanning, eller fire år med forskarutdanning og 25 prosent karriereutviklande arbeid. Arbeidet kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Slikt arbeid vil vere relevant for doktorgradsarbeidet. Ordninga med fire år forskarutdanning må avtalast særskilt med avdelingsleiinga ved tilsetting. Tidpunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen.
Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.
Eit vilkår for å starte i stillinga er opptak i doktorgradsprogrammet i helse og sosialfag ved Høgskulen i Volda/Høgskolen i Molde. Dokumentasjonen på opptak i doktorgradsprogrammet må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stipendiatstilling. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. Vilkår for opptak til doktorgradsprogrammet går fram i Utfyllende retningslinjer for ph.d.-studium i helse- og sosialfag som du finn her (https://www.himolde.no/studier/om/studiekvalitet/kvalitetssystem/ph.d/ph.d.-i-helse--og-sosialfag/index.html/).
Om ph.d.- programmet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling
Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap doktorgradsutdanninga Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling. Programmet er tverrprofesjonelt og tverrfagleg. Utdanninga rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og inkluderer bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar. Programmet har eit breitt fagleg fellesskap av kandidatar og rettleiarar. Våren 2026 er det 37 kandidatar tatt opp på programmet. Doktorgradprosjekta i utdanninga nyttar både kvantitative og kvalitative metodar og ‘mixed methods'. Doktorgradsprogrammet er eit tilbod til kandidatar som har relevant fagbakgrunn og master / hovudfag. Les meir om ph.d.-programmet her (https://www.hivolda.no/studietilbod/phd-studium-helse-og-sosialfag-profesjonsutoving-vilkar-og-utvikling/haust).
Om instituttet
Institutt for sosialfag er eit institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Institutt for sosialfag har 22 tilsette i faste vitskaplege stillingar og per i dag åtte stipendiatar. Ved instituttet er det omlag 500 studentar. Instituttet har ansvar for to bachelorprogram i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, med meir enn 300 studentar fordelte på tre studieår.
Instituttet tilbyr mastergradutdanning i helse- og sosialfag og mastergradutdanning i barnevernsarbeid. Innhaldet i dei to mastergradane er omtalt studieplan for Master i helse- og sosialfag (https://www.hivolda.no/studietilbod/helse-og-sosialfag/haust-0#acc-study-plan-id) og i studieplan for Master i barnevernsarbeid (https://www.hivolda.no/studietilbod/barnevernsarbeid/haust-0). Alle emna i masterprogrammet og vidareutdanningstilboda er samlingsbaserte.
Om avdelinga
Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1350 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning som er relevant for utlysinga innanfor sosialfag, helsefag, samfunnsvitskaplege fag eller rettsvitskap, eller tilsvarande, og normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT.
Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevante for fagområda til stillinga, vil også bli vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring frå undervisning.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som ligg ved søknaden. Prosjektskissa skal vere på maksimalt 10 sider. Det skal kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og for kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke.
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere nytenkande og kreativ.
Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei spanande og viktig verksemd.
Avdelinga for samfunnsfag og historie har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.
Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er stipendiatar si startløn kr. 550 800 og automatisk lønnsutvikling i inntil 4 år med 3 % årlig stigning.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet).
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
- masteroppgåve
- eventuelle andre vitskaplege arbeid
- prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten
Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:
- Kjartan Leer-Salvesen, e-post: Kjartan.Leer-Salvesen@hivolda.no mobil: 416 59 805, programansvarleg for doktorgradsprogrammet
- Finn Ove Båtevik e-post: batevik@hivolda.no, tlf. 70 07 52 13, instituttleiar ved ISF
- Randi Bergem, e-post: randi.bergem@hivolda.no, tlf. 48 15 72 71, dekan ved ASH
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no (http://www.hivolda.no)
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
FerdigheterAI-generert
- Forskning
- Gjennomføre kvalitative undersøkelser
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Helsevitenskap
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452631888
- Sist endret



