
Sjukepleiar
Sula kommune
- Frist 28.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar
Kommunelegekontoret i Sula har ledig sjukepleiestilling, og vi søkjer deg som ønskjer å bli ein del av vårt team
Legekontoret har i dag 10 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontorethar fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling, slik at både pasientar ogmedarbeidarar skal trivast.
Arbeidsoppgåver
Stillinga består av varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt, laboratoriearbeid, skiftestue, ekspedisjon, sentralbord og legevaktstelefon.
Arbeid på skiftestue kan blant anna vere EKG, 24-timers BT, spirometri, øyreskylling, sårskift og suturfjerning.
Nye arbeidsoppgåver kan kome til gjennom sentrale føringar for fastlegeordninga, inkludert eigne pasientkonsultasjonar.
Den som blir tilsett må handtere alle dei ulike oppgåvene som ligg til stillinga, då ein har ei rullering mellomoppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere offentleg godkjent sjukepleiar
- Relevant erfaring frå sjølvstendig poliklinisk arbeid vil bli vektlagd.
- Må ha gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Politiattest
Personlege eigenskapar
- I tillegg til formell kompetanse og praksis, blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Du har gode evner til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- Du er fagleg engasjert og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, omgjengelig og serviceinnstilt
- Du har vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø.
- Du viser positiv interesse for menneska du møter i arbeidet ditt
- Du er strukturert, ryddig og nøyaktig
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Godt samarbeid både internt og eksternt.
- Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
- Gratis parkering
- Lønn etter tariff.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
FerdigheterAI-generert
- Bruke sårbandasje
- Norsk
- Poliklinisk arbeid
- Utføre EKG
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune her
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stadsnesvegen 9b, 6030 Langevåg
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Legekontor, Legesenter, sjukepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450920118
- Sist endret

