
Rådgjevar/seniorrådgjevar innan logistikk og styring av mottakskapasitet
UDI
- Frist 10.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar innan logistikk og styring av mottakskapasitet
Er du på jakt etter ein variert arbeidskvardag der du får brukt kompetansen din til eit viktig samfunnsoppdrag? I Mottak og Retur i Utlendingsdirektoratet (UDI) får du høve til det. Hjå oss er det rom for læring og utvikling, og du får høve til å bidra i arbeidet med å betre tenestene.
Til nyoppretta stilling søkjar vi;
Rådgjevar/seniorrådgjevar innan logistikk og styring av mottakskapasitet
UDI Regionkontor Vest (Bergen)
Trur du det er tungvint og tregt i staten? Gløym det! I UDI – og særleg i Mottak og retur – er det høgt tempo og mykje aktivitet. Vi er ein beredskapsorganisasjon som blir påverka direkte av det som skjer i verda.
Det er ansvaret vårt å sikre at flyktningar og asylsøkjarar får ein stad å bu frå dei kjem til Noreg og til dei får svar på søknaden, og anten blir busette i ein kommune eller returnerer til heimlandet. Det inneber mellom anna at vi løpande vurderer kor mange plasser vi treng i mottak, ser til at vi kjøper inn tilstrekkeleg med mottakskapasitet og sikrar at mottaksplassane vi har etablert blir nytta godt.
UDI satsar stort på modernisering, og utviklar tenestene våre for å møte endra brukar- og samfunnsbehov. Vi treng deg på laget – ein som har erfaring med innovasjonsarbeid, som kan sjå moglegheitene teknologien opnar for - og veit korleis ein kan arbeide frem gode løysningar ved å arbeide i lag med andre. Innsats med utvikling av dataverktøy for å støtte dette arbeidet vil være ein viktig del av stillinga. Vi søker derfor deg som har erfaring med slik utvikling, enten frå brukarsia eller som ein del av eit teknisk utviklingsmiljø.
UDI må ivaretake daglege logistikk-oppgåver, slik at det alltid er god flyt frå det Nasjonale ankomstssenteret og vidare til mottak rundt i heile landet av personar som kjem til Noreg for å søkja beskyttelse. Det vil vere ein viktig del av arbeidskvardagen til den vi tilset. For å lukkast hjå oss må du difor vere ein lagspelar med god samspelskompetanse, som trivst med logistikkoppgåver - og som taklar periodar med høgt tempo og mange oppgåver.
Arbeidsoppgaver
Du vil i det daglege være en del av eit kapasitetsstyring- og logistikkteam med deltakarar frå heile landet. Arbeidsstad er Regionkontor Vest i Bergen, som er ein del av Mottak- og returprosessen i UDI. Hos oss er vi 16 medarbeidarar som mellom anna har ansvar for asylmottaka i Rogaland og Vestland fylke.
Prioriterte arbeidsoppgåver
- tildele nyankomne asylsøkjarar til mottaksplassar rundt i landet ut fra gjeldande rutiner og regelverk.
- bidra til en effektiv forvaltning av ledig kapasitet i mottakssystemet, til beste for brukere og UDI.
- bidra til langsiktig og strategisk utvikling av fag-/logistikksystemene, mellom anna knytt til automatisering.
- identifisere og beskrive endringsbehov i fag-/logistikksystemene på kapasitetsstyring og logistikkfeltet
- bidra til dialogen med teknisk side i utviklingsarbeid og testing, samt daglig forvaltning av data i systema.
- elles medverke på andre område i Mottak og retur og regionkontoret når det trengs
Du må rekne med noka reiseverksemd.
Kvalifikasjoner
Kvalifikasjonskrav du må oppfylle:
- minimum treårig utdanning innan logistikk, økonomi eller anna relevant utdanning. Solid og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- erfaring med deltaking i utvikling av fagsystem og automatisering, anten på brukarsida eller på teknisk nivå
- dokumentert arbeidserfaring med logistikk
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskeleg med:
- erfaring med utvikling av fagsystem og rutinar knytt til logistikk
- erfaring med personlogistikk
- erfaring frå offentleg forvaltning
- kunnskap om kunstig intelligens og ekspertsystemer
- evne å løfte blikket og bidra til utvikling og bruk av moderne verktøy i arbeidsprosessane.
- erfaring med forbetringsarbeid
- relevant erfaring innan migrasjonsfeltet, bistand, internasjonal erfaring, utlendingsforvaltinga eller anna erfaring med UDI sine målgrupper
Personlige egenskaper
- nøyaktig, strukturert og likar å få jobben gjort
- ein lagspelar og trivst med å arbeide i team og byggje relasjonar
- analytisk, proaktiv og likar å utvikle nye løysingar og rutinar
- fungerer godt under press
- innovativ og løysingsorientert
- har stor arbeidskapasitet og trivst i ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr
Difor bør du velje oss
Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar verkar direkte inn på jobben vår, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei aller beste kollegaene (meiner vi).
Stillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet kr 680 000 – 800.000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent av lønna di til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar.
Praktisk informasjon
Du søkjer på stillinga gjennom søknadssystemet Webcruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved dette i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som du lastar opp frå Vitnemålsportalen gjennom Webcruiter (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no), og vitnemål frå utdanninga må leggjast ved.
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste i samsvar med offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne lista, men då må du grunngje ønsket. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg på førehand.
I samarbeid med ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi stadfestar CV og anna informasjon du oppgjer.
FerdigheterAI-generert
- Automatisering
- Kontinuerlig forbedringsarbeid
- Ledelse av logistikk
- Logistics General (LO)
- Logistikkutvikling
- Strategisk systemutvikling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje: Hotell og overnatting, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Planlegger, SCM og logistikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
forvaltning, logistikk, personellogistikk, KI, Utlendingsforvaltningen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452385409
- Sist endret




