
Miljøterapeut -Fast våken nattevakt 72,13 %
Bufetat
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut -Fast våken nattevakt 72,13 %
Skjold er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli.
Bufetat gjennomfører no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i éi felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper.
Skjold er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år.
Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1
Avdeling Skjold har ei ledig fast vaken nattevakt. Stillinga utgjer 72,13 %, og har for tida ein turnus der ein arbeider kvar tredje helg. Stillinga er organisert med to våkne nattevakter fordelt på tre team.
Det kan også være moglegheitar for fleire vikariat av ulik storleik og lengdar ved eininga, samt
moglegheit for tilkallingsvikarar. Søkjarar som òg er interesserte i tilkallingsvikariat, blir oppmoda til å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Miljøterapi i ein omsorgsinstitusjon
Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i sine liv. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar. Avdeling Skjold arbeider etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk atferdsterapi mv.
Målet vårt er å bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.
- Stillinga som vaken nattevakt inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar.
- Stillinga krev høg grad av sjølvstendig arbeid.
- Du vil ha ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
- Du vil delta og ha ansvar for overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Du vil delta i fagmøte og rettleiing.
- Nattevakten har særleg ansvar for å skape og bistå ungdommane med å finne ro og tryggleik på natta.
Som ansatt i Skjold forpliktar du deg til å delta på obligatorisk opplæring som Tryggleik og sikkerheit og anna opplæring som vert krevd til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
- Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med relevant erfaring kan også søkje.
- Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse til å jobbe natt.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Kjennskap til rettigheitsforskrifta og traumebevisst omsorg er ønskjeleg.
Personlege eigenskaper
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
Du evner å:
- bygge relasjonar.
- la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
- arbeide sjølvstendig , metodisk og i team.
- analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny kunnskap.
Vidare ønskjer vi at:
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du er punktleg og påliteleg.
Vi tilbyr
Løn og stillingskode
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ og vert vurdert etter utdanning og erfaring:
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. År.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
I tillegg kan vi tilby:
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod – noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, muligheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Ungdom, Institusjon, Nattevakt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451943748
- Sist endret


