Fast stilling som sjukepleiar/helsefagarbeidar og 65% vikariat som helsefagarbeidar på natt
Austevoll kommune
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker engasjerte og trygge medarbeidere til
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar /helsefagarbeidar på Spesialavdeling (demens og psykogeriatri) og 65% vikariat som nattevakt med mogelegheit for fast tilsetjing. Begge stillingane har årsturnus.
For stillinga på spesialavdeling ønsker vi tiltredelse: 1 mai, eller etter avtale. Kontaktperson: Isabell Heggen
For vikariat på natt er det ønskelig at du kan starte i jobben så snart som mogeleg. Kontaktperson Trude Bjånesøy.
Begge stillingane er på Austevoll pleie og omsorgssenter.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
I søknaden ber vi søkjar opplyse om det vert søkt på 100% stilling som sjukepleiar/helsefagarbeidar , Vikariat i 65% natt eller begge.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og oppfølging av bebuarar og brukarar vil vera hovudoppgåva.
Dette omfattar mellom anna:
- personleg pleie og omsorg
- oppfølging av medisinske tiltak i tråd med gjeldande rutinar
- observasjon og vurdering av helsetilstand og iverksetting av tiltak
- dokumentasjon i journalsystem
- praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål
- samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
- kontakt og samarbeid med pårørande
- bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid
Hos oss møter du pasienter med sammensatte behov som krev kompetanse, trygghet og varme. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til ein forskjell - kvar einaste dag.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Off. godkjent sjukepleiar /helsefagarbeidar.
- Gyldig politiattest
- For stillinga på spesialavdeling er videreutdanning i geriatri ein fordel, men ikkje eit krav.
- For stillinga på natt må ein ha førerkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.
- Ha evne til å møte utfordrande atferd med ro og profesjonalitet
- Kunne jobbe sjølvstendig.
Vi tilbyr
- 100% fast stilling på spesialavdeling
- for denne stillinga er det mogelegheit for langvaktsturnus kvar 4. helg.
- 1 års vikariat i 65% stilling på natt, med mogelegheit for fast tilsetjing.
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
- Har du studielån? Då kan du få redusert utdanningsgjeld i tråd med regjeringa sitt statsbudsjett for 2026 - ein fantastisk moglegheit for deg som ønskjer å bu og arbeide her!
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Grunnleggende sykepleie
- Norsk
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451799878
- Sist endret

