Bli med på laget vårt på korttidsavdelinga!
Osterøy kommune
- Frist 13.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Me søkjer assistentar til helgestilling på korttidsavdelinga.
På korttidsavdeling er det ledig fast stilling i 14,08%, kvar 3 helg med oppstartsdato snarlig.
Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og me har sjukepleiarteam. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for pasientane våre og dagleg drift av gruppa.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med pasientar i ulike livsfasar!
Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. Du må like å ha ansvar, og liker å spele kollegaene dine gode.
Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.
Om du er en assistent som likar å arbeide med pasientar som er i ein overgangsfase er dette ei god stilling for deg!
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurar på noko!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling
- God opplæring
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
- Målretta miljøarbeid.
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev i helsefag men andre kan og søkje
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Personleg egnaheit vil verte vektlagt
- Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451785703
- Sist endret