
Svangerskaps vikariat med langvaktsturnus
Osterøy kommune
- Frist 15.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Raus bufellesskap har ledig stilling!
Om stillinga
Ein av våre tilsette skal ut i foreldrepermisjon til sommaren, og i den samanhengen søkjer vi akkurat deg til å arbeide hjå oss i svangerskapsvikariatet hennar på 90% stilling.
Vikariatet inneber arbeid i langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Med langvakter hos oss i Raus bufellesskap arbeider du kl. 09-21 på kvardagar og kl. 11-21 i helg. Langvakter bidreg til å skape kontinuitet i arbeidet med brukarane våre, samstundes som det gir ein føreseieleg turnus for dei tilsette med lengre friperiodar.
Raus bufellesskap høyrer til eininga Psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune. Eininga omfattar psykiatrisk heimeteneste lokalisert i Lonevåg, Veksttunet Valestand - ein forsterka bustad på Reigstad - og bufellesskapet Raus som ligg i vakre Haus.
I bufellesskapet er det seks leilegheiter fordelte på to hus. I hus 1 jobbar det ein døgnvakt og ein langvakt. I hus 2 jobbar det to i døgnvakt. Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med inkluderande, trygge og fagleg kompetente kollegaer, som bidreg positivt for bebuarane våre med fokus på støtte og trygging. Det er i tillegg nokre bustader knytte til bufellesskapet som får oppfølging. I bufellesskapet gir vi tenester til vaksne personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.
Vikariatet har oppstart rundt midten av juni 2026 og varer til 31.01.2027, med moglegheit for forlenging.
Oppgåver i stillinga kan til dømes vera
- Gje bistand til bebuararne i dagleglivets aktivitetar
- Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap
- Ha fokus på aktivitet i kvardagen
- Medikamenthandtering
- Styrke det sosiale nettverket til bebuarane
- Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Bidra med kvalitetssikrande arbeid
- Skape trygge og gode omgivnader til brukarne
- Miljøterapautiske tiltak
Lista er ikkje uttømmande.
Vi tilbyr
- Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus
- Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø
- Stor fagleg variasjon
- Langvaktturnus
- Osterøy kommune er ein IA-verksemd
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP
- Gode parkeringsmoglegheiter. Kjem du med buss/kollektiv transport, er arbeidsstaden i umiddelbar nærleik til busshaldeplass.
Kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeidar eller annen relevant utdanning.
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.
- Det er ønskjeleg med erfaring med brukargruppa
- Grunnkurs (12-timar) og medikamenthandsamingskurs må være bestått, eller takast innan kort tid etter oppstart
- Førerkort klasse B
- Søkjarer utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
Kven er du?
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Gode samarbeidsevner
- Du utviser tryggleik i faget
- Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
- Personleg egnethet vil vært vektlagt
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere
- Du må være ein person som likar ei utfordring, er løysningsorientert og nytenkande
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
FerdigheterAI-generert
- Kjøre
- Kurs i legemiddelhåndtering
- Kvalitetssikring
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haus 8, 5286 Haus
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452363209
- Sist endret

