Overlege
Barne- og ungdomsavdelinga, Helse Førde
- Frist 5.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å forme framtidas barne- og ungdomshelsetenester?
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) ved Førde sentralsjukehus har ledig svangerskapsvikariat for overlege/spesialist i perioden 01.06.2026 - 31.05.2027.
Stillinga er ei kombinert spesialiststilling, med 50 % arbeid i barnehabiliteringstenesta (HABU) og 50 % klinisk arbeid/vaktordning i generell pediatri ved BUA.
Vi søker ein erfaren og engasjert spesialist med kompetanse og erfaring innan habilitering til barn og unge, nyfødtmedisin og generell pediatri (0 - 18 år).
Individuelt tillegg : kr 45.000,-
Om Barne- og ungdomsavdelinga (BUA)
BUA er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature f.o.m gestasjonsalder 32, samt yngre barn etter stabilisering ved regionsjukehus. Elles behandlar avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år (kronikarar til 18 år). Avdelinga arbeider for å heve aldersgrensa til 18 år for alle unge, i tråd med nasjonal ungdomshelsestrategi.
BUA omfattar sengepost og poliklinikk, i tillegg til legeteneste ved habiliteringstenesta (HABU) og i Statens barnehus.
Om stillinga
- 50 % HABU: arbeid med habilitering for barn og unge, i eit tverrfagleg og spesialisert fagmiljø.
- 50 % BUA klinikk/vakt: generell pediatri, inkludert nyfødtmedisin og deltaking i vaktordning.
Vi søkjer deg som er genuint opptatt av faget, og som på sikt vil styrke vårt team av dyktige overlegar.
Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest
(vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og
utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Visittarbeid ved sengepost, vakt, poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge i alderen 0-18 år
- Legeoppgåver i tverrfagleg team ved Habilitering for barn og unge
- Undervisning i avdelinga og rettleiaransvar for legar i spesialisering.
- Administrativt arbeid bla knytt til klinisk drift og undervisning.
Kvalifikasjonar
- Spesialist i barnesjukdommar
- Må ha norsk autorisasjon som lege/spesialist
- Må beherske generell pediatrisk vaktkompetanse inkl. nyføddmedisin
- Gode språkkunnskapar. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge i Barne- og ungdomsavdeling vil bli føretrekt
Personlege eigenskapar
- Utadvendt og strukturet
- God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Trivst med vaktarbeid
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig, fleksibel og ha evne til omstilling.
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsavtale i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Individuelt tillegg : kr 45.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie, permisjonar) og oppgåver
- Tett, trygt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
- Spennande og bredt fagområde
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Horstad Berget, Avdelingssjef, (+47) 578 39 116Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5074981848
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 05.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451628921
- Sist endret

