
Overlege/Spesialist i psykiatri
Helse Bergen HF
- Frist 27.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Overlege i Avdeling stemningslidingar
Vi har no ledig ei fast 100% stilling som overlege i Psykiatrisk klinikk ved Avdeling stemningslidingar. Avdelinga har utvikla seg mykje dei siste åra, og vi har i dag eit sterkt, engasjert og svært triveleg fagmiljø. Stillinga er ledig fordi ein av våre overlegar no gjennomfører ein PhD i 50 %, og det skal etter kvart avviklast overlegepermisjonar.
Som overlege hos oss vil du arbeide saman med høgkompetente kollegaer som ønsker å stå saman, verdsette kvarandre og skape eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe tett i team med andre overlegar, psykologspesialistar og LIS-legar. Du vil òg få tett oppfølging og fagleg støtte, og samarbeide nært med avdelingsoverlegen, som har det overordna medisinskfaglege ansvaret for dei to døgnseksjonane våre.
Avdeling stemningslidingar har to akutte døgnseksjonar og tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Seksjonane våre gir òg behandling av bipolar mani ved hjelp av blåblokkerande briller (kronoterapi).
Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, står sentralt i arbeidet vårt. Klinikken er i ei spanande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland i 2029.
Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk og er i dag lokalisert på Sandvikenområdet. Dei øvrige avdelingane er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS) og Avdeling psykosomatisk medisin.
Stillinga er ledig etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar
- Handtere tvang jf Lov om psykisk helsevern
- Kunnskapsformidling internt og eksternt
- Pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Rettleiing av legar i spesialisering og medisinstudentar
- Medverke til utvikling av tenestetilbodet
- Delta i klinikken si bakvaktsordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
- Ønskeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar
- Fordel med erfaring fra sjukehusnivå
- Interesse/engasjement for forbetringsarbeid og utvikling
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av samarbeid
- Du bryr deg om dine kollegaer
- Du er fleksibel
- Du bidrar aktivt til eit god arbeidsmiljø
- Du arbeider strukturert og målretta
- Du har engasjement for pasientgruppa/fagfeltet og ønskjer å vidare utvikla kompetansen din
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved avdeling stemningslidingar
- Eit engasjerene fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesialistforum og kasuistikkar
- Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Diagnostisere psykiske lidelser
- Forbedre og utvikle tjenestene
- Forbedring av kvalitet
- Medisinsk pedagogikk
- Norsk
- Psykiatrisk pleie og omsorg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, spesialist i psykiatri, stemningslidelser, psykiatrisk klinikk, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449480404
- Sist endret
