Fysioterapeut
Voss herad Fysio-og ergoterapeuter
- Frist 9.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om stillingane
Voss herad lyser etter vikar i 50% driftstilskot med opptrapping til 100% vikariat til 01.08.26. Driftstilskotet er knytt til Granvin fysikalske institutt.
Oppstart: 07.04.2026
Om Granvin fysikalske institutt
Granvin Fysikalske Institutt er ein solopraksis i Granvin, Voss Herad. Det er éin driftsavtale på 100% knytt til instituttet. Instituttet ligg fredeleg til, med fine omgjevnader og utsikt over Hardangerfjorden. Det er tilhøyrande romsleg parkering og totalarealet er på 280 kvm fordelt på to etasjar. I fyrste etasje er det ein velutstyrt og nyoppussa treningssal, samt eit varmtvassbasseng på kring 34-36 grader. Denne etasjen vert nytta til fysikalsk behandling, men er også ope for allmennheita. Det er ein eigen inngang til lokala i 2. etasje der ein finn venterom, fleire kontor, og pause/møteområde. Instituttet er oppvarma av eit flisfyringsanlegg, som ved hjelp av vannboren varme sikrar stabile og gode temperaturar gjennom heile året.
Praksisen er godt opparbeida gjennom mange år, og har god pasienttilgang frå Granvin og omegn. Pasientarbeidet er svært variert, både når det gjeld aldersgruppe og type helseplager. Det er fleire aktive treningsgrupper i regi av fysioterapeut, både i treningssal og basseng. Instituttet har godt samarbeid med andre institutt i Voss Herad. Periodevis har det vore to terapeutar som har delt heimelen, andre periodar ein terapeut. I dag arbeider ein manuellterapeut i heimelen ved instituttet, som i samband med svangerskapspermisjon trappar ned til 50% frå 7/4, og deretter 100% permisjon frå 1/8.
Kvalifikasjonar:
- Krav om godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova
- Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar
- Evner å arbeide sjølvstendig og i team
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
- Er ansvarsbevisst og strukturert
- At du har god endringsvilje og kunnskap om kommunens struktur og framtidsvisjon
- Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste
- Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt
Praksisen skal drivast i tråd med til Lov om helsetenesta i kommunen og annan relevant helselovgiving og på dei vilkår som framgår av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.
Me tilbyr
- Opplysningar kring drift og organisering av praksisen kan ein få ved å ta kontakt med oppgitte kontaktpersonen
- Voss herad har samarbeidsutval for fysioterapeutar og arbeider for ein felles forståing og fagpraksis. Voss herad har driftsavtale med 11 fysioterapeutar.
- Vikariatet i heimel skjer i tråd til ASA 4313.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451357186
- Sist endret


