VA-ingeniør
Voss herad
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera med å sikre framtidas vatn og avløp på Voss?
Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg VA-ingeniør som ønskjer å bidra til ei trygg, berekraftig og framtidsretta kommunal vass- og avløpsteneste. Hos oss blir du del av eit breitt og kompetent fagmiljø med høg aktivitet og varierte arbeidsoppgåver. Stillinga er plassert i driftsavdelinga under kommunalavdeling Tekniske tenester. Avdelinga har om lag 40 tilsette og ansvar for drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur (veg, vatn og avløp) i Voss herad.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, drift og vidareutvikling av kommunale vass- og avløpsanlegg
- Sakshandsaming og handsaming av søknader om sanitærabonnement
- Oppfølging av pålegg, til dømes knytt til separering og lekkasjar
- Arbeid innan IKMAT
- Driftsoptimalisering av VA-anlegg
- Byggeleiing og oppfølging av VVA-prosjekt
- Deltaking i vaktordning og beredskap ved behov
Kvalifikasjonar
- VA-ingeniørutdanning eller annan relevant ingeniørutdanning, t.d. innan kommunalteknikk, infrastruktur, bygg, miljø, prosess eller liknande
- Erfaring frå VA-faget, kommunalteknikk eller teknisk forvaltning er ein fordel
- Gode datakunnskapar relatert til fagområdet.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Relevant erfaring innan VVA kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ønskjer ein kollega som er:
- Strukturert og systematisk, med god gjennomføringsevne
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- God på samarbeid og trivst med tverrfagleg arbeid
- Praktisk, løysingsorientert og kreativ
- Engasjert i samfunnsoppdraget og berekraftige løysingar
Me tilbyr
- Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver både ute og inne
- Ein trygg og stabil arbeidsplass
- God opplæring i system og programvare
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksitidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og tilsetjing etter gjeldande kommunalt avtaleverk
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Bygg- og miljøvitenskap
- Drift og vedlikehold av den kommunale vannforsyningen
- Kommunalteknikk
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen.
Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uttrågata, 5705 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
Nøkkelord
ingeniør, Vann, avløp, kommune
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446931030
- Sist endret