Rådgivar/seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Pengespelavdelinga søker jurist
Lyst å jobbe med landets fremste ekspertar på pengespelområdet – og sjølv få ei sentral rolle i tilsynsarbeidet? Avdeling for pengespel søker etter ein erfaren jurist i fast stilling til å føre tilsyn med at norske, lovlege pengespeltilbydarar etterlever regelverket.
Kven er vi? Lotteritilsynet jobbar for at færre skal oppleve speleproblem og å sikre trygge og ansvarlege pengespel. I Norge er Norsk Tipping og Norsk Rikstoto store lovlege aktørar, men vi har også ein privat marknad som har løyve til å tilby og marknadsføre pengespel.
Vi jobbar med å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring av pengespel. I tillegg fører vi tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket innan pengespel.
Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap.
Kva skal du jobbe med?
Stillinga ligg til tilsynslaget i pengespelavdelinga, som jobbar opp mot lovlege aktørar. Jobben omfattar mellom anna:
- Tilsyn med etterleving av pengespelregelverket
- Forvaltningsoppgåver
- Utvikling av tilsynsmetodikk
Du må rekne med å reise noko i samband med jobben.
Kven ser vi etter?
Du må ha mastergrad innan rettsvitskap. Erfaring med tilsynsarbeid i offentleg forvaltning vil vere ein fordel.
Vi ser etter deg som
- har god evne til å sjå samanhengar og konsekvensar innan fagfeltet.
- har god rolleforståing og evne til å stå i krevjande saker.
- evnar å kommunisere komplekse problemstillingar på ein pedagogisk og presis måte.
- har gode samarbeidsevne og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, samstundes som du jobbar sjølvstendig.
Kvifor skal du velje oss?
Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og å møtast på kontoret. Det legg vi sjølvsagt til rette for.
I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre.
Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.
Verdt å merke seg
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse i bedrifta, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt.
FerdigheterAI-generert
- Juridisk kompetanse
- Juss
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jurist, Tilsyn, Tilsynsmetodikk, Forvaltning, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451337245
- Sist endret

