
Finansiell rådgiver
Sparebanken Norge
- Frist 28.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du gjere ein forskjell i Volda– og hjelpe folk å ta smarte val i økonomien?
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil derfor ha stor påverknadskraft og avgjerdsmynde hos oss.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
Om kontoret og laget
Vi har etablert oss som ein ambisiøs og tydeleg aktør i bankmarknaden i Volda – og vi er i vekst. No søkjer vi ein finansiell rådgjevar som vil vere med å styrkje satsinga vår vidare, og som får energi av rådgjeving, relasjonsbygging og målretta sal.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø på Sunnmøre, med tett samarbeid mellom person- og bedriftsmarknaden. Vi utfordrar kvarandre, heiar på kvarandre og jobbar strukturert for å nå dei klare ambisjonane våre for vidare vekst i regionen. Her møter du ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle.
Kva går jobben ut på?
Som finansiell rådgjevar hos oss får du eit tydeleg ansvar for å utvikle og byggje di eiga kundeportefølje. Du er ein aktiv sparringspartnar for kundar i ulike livsfasar, og jobbar heilskapleg med rådgjeving innan lån, sparing og forsikring.
Du tek eigarskap til nye kundar, følgjer dei tett opp og identifiserer nye moglegheiter for verdiskaping. I tillegg får du eit særleg ansvar for sal og rådgjeving innan person- og skadeforsikring frå Frende.
Rolla krev at du er synleg og tilgjengeleg – både fysisk og digitalt. Du jobbar aktivt med prospektering, relasjonsbygging og nysal på tvers av kanalar. Du ventar ikkje på at kundane skal ta kontakt – du tek initiativ.
Arbeidskvardagen er variert og krev både fagleg tyngd, kommersiell forståing og sterke mellommenneskelege ferdigheiter. Samtidig blir du del av eit ambisiøst fagmiljø der vi utfordrar kvarandre, deler kompetanse og jobbar målretta for vidare vekst.
Kven er du?
Vi ser etter deg som har erfaring frå bank, forsikring, sal eller annan rådgjevande verksemd – og som ønskjer å utvikle deg vidare i ei rolle med tydeleg ansvar og forventningar. Det viktigaste for oss er at du er motivert for å utvikle deg vidare og skape verdi for kundane gjennom god og heilskapleg rådgjeving.
Du er ein relasjonssterk og truverdig rådgjevar som skaper tillit og tek ansvar for eigne resultat. Du trivst med kundedialog, har kommersiell forståing og får energi av å skape verdi for kundane.
Har du AFR-sertifisering og/eller utdanning innan økonomi, er det ein fordel. Samtidig veit vi at haldningar, drivkraft og måten du møter menneske på, ofte veg vel så tungt.
Vi trur du vil lukkast og trivast hos oss dersom du:
- er flink til å byggje relasjonar og set deg raskt inn i kunden sine behov
- trivst med tempo og har eit sterkt engasjement for å skape gode resultat
- har erfaring frå rådgjeving og sal – gjerne innan bank og forsikring
- er lærevillig, tek initiativ og søkjer aktivt ny kunnskap for å bli endå betre i rådgjevarrolla
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.
Vi gir deg ein trygg og effektiv start gjennom vårt onboarding-program Sterk Start, og vidare utviklingsmoglegheiter gjennom interne satsingar som talentutvikling og fagspesialisering.
Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.
I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank – vi byggjer eit lag. No byggjer vi det også i Volda. Vil du bli med?
Søknadsfrist: 28.02.2026
Klar for å bli med på laget?
Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg prat.
FerdigheterAI-generert
- Bilforsikring
- Finansiell og økonomisk rådgivning
- Forsikringstjenester
- Gjennomføre aktivt salg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Røysbakken 5B, 6100 Volda
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
kunderådgjevar, økonomi, finans, rådgivning, bank
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451014206
- Sist endret

