Er du vår nye LIS3?
Radiologisk avdeling, Helse Førde
- Frist 5.3.2026
- Ansettelsesform Fast
🔷 100% fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi – Førde sentralsjukehus 🔷
Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karriera di, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg!
Treff nokre av våre tilsette i denne videosnutten!
Kvifor velje Førde?
Hos oss får du:
- Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og fulgt opp
- Variert praksis og erfaring med bildediagnostikk
- Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål
Stillinga som LIS innheld vakt i 6-delt vaktskikt, og noverande plan gir ei friveke kvar 6 veke. Vi er fleksible når det gjeld oppstartstidspunkt.
Dette får du hos oss:
- Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging
- Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di
- Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling
- Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium
- Ein arbeidskvardag med mykje humor og støtte frå kollegaer
- Rekrutteringstillegg
Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!
Kvalifikasjoner (overskrift)
Kven passar stillinga for?
Vi ser etter deg som:
- Er ferdig med medisinstudiet, har gjennomført LIS1 og ønskjer å spesialisere deg innan radiologi
- Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
- Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no
Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5080809443
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450896450
- Sist endret
