Helsefagarbeidar
Austevoll kommune
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli med i vårt positive fagmiljø som helsefagarbeidar! Vi tilbyr fleksible stillingar og spennande utfordringar.
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining i Austevoll kommune med om lag 200 tilsette. Eininga leverer fleire helse- og omsorgstenester, mellom anna miljøarbeidartenesta. Målet vårt er å gi tilpassa og fagleg forsvarlege tenester, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta gir praktisk hjelp, opplæring og oppfølging til personar med nedsett funksjonsevne, i tråd med vedtak. Gullsmedvegen bu og avlasting er ei av avdelingane i miljøarbeidartenesta. Her er avlastingseining for barn og unge samt omsorgsbustader for vaksne i tilknyting. Hos oss har vi årsturnus, der du får vere med og påverke eigen turnus. Vi har òg fleire stillingar med langvakter, som kan gi lengre friperiodar og meir forutsigbarheit i kvardagen.
Tenesta omfattar:
- bufellesskap med bemanning heile døgnet
- avlastningsbustad for barn og unge
- omsorgsbustader for vaksne knytt til avlastningsbustaden
- ambulerande tenester til personar med nedsett funksjonsevne
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner (https://lanekassen.no/nb-NO/gjeld-og-betaling/sletting-av-gjeld-i-utvalgte-kommuner/#samtykke-banner)
Om stillinga
Miljøarbeidartenesta har tre ledige 100 % faste stillingar som fagarbeidar. I tillegg har vi to ledige nattstillingar som fagarbeidar: 70 % og 55 %.
Vi tilbyr årsturnus med moglegheit for å påverke eiga arbeidstid. Arbeidsstad er for tida Gullsmedvegen bu og avlasting, som omfattar tre omsorgsbustader med bemanning heile døgnet og avlasting for barn og unge med tre sengeplassar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne
- Delta i planlegging og gjennomføring av tiltak og aktivitetar som fremjar meistring, utvikling og trivsel
- Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging etter vedtak og tiltaksplanar
- Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar og sosial deltaking
- Samarbeide tett med kollegaer, fagpersonar, pårørande og andre tenester
- Dokumentere og følgje opp i fagsystem
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit trygt tenestetilbod
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Du må ha god digital kompetanse
- Du må ha førarkort klasse B
- Du må kunne snakke og skrive godt norsk
- Du må legge fram gyldig vandelsattest ved tilsetting
- Erfaring frå arbeid innan habilitering er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du er trygg og omsorgsfull, og møter brukarane med respekt
- Du samarbeider godt og bygg tillit i møte med brukarar, pårørande og kollegaer
- Du er tålmodig og fleksibel, og handterer endringar på ein roleg og løysingsorientert måte
- Du er engasjert og fagleg interessert, og tek ansvar for eigne oppgåver
- Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Kjøre
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Gullsmedvegen 55, 5397 Bekkjarvik
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450765922
- Sist endret

