Pedagogisk leiar
Klepp kommune
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Vil du vere med å gjere ein forskjell i barnas kvardag?
Kleppe friluftsbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar, med oppstart 01.05.2026 eller etter avtale.
Kleppe friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentralt i Kleppe. Hos oss står friluftsliv, leik og gode relasjonar i sentrum. Vi jobbar målretta for at barna skal oppleve glede, meistring og nysgjerrigheit, både i møte med naturen og i samspel med kvarandre og dei vaksne.
Som friluftsbarnehage er vi mykje ute og nyttar naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet. Vi går på turar, utforskar ulike naturmiljø og brukar naturmateriale i leiken. Vi legg til rette for at barna får erfaringar som styrker motorikk, samarbeid og sjølvstende. Friluftsaktivitetane våre gir barna rike moglegheiter til å vere utforskande, skapande og deltakande i eit inkluderande fellesskap der leik og samspel står i sentrum.
I kvardagen legg vi særleg vekt på leken som barnas viktigaste arena for utvikling og trivsel. Vi arbeider systematisk for å støtte gode relasjonar mellom barn og vaksne – og mellom barna. Vi tilpassar aktivitetar, rammer og samspel slik at kvart barn får tryggleik, rom for utforsking og moglegheit til å vere seg sjølv i fellesskapet.
Vi har eit sterkt fagmiljø og jobbar kontinuerleg med å utvikle oss som ein lærande og reflekterande organisasjon. Marte Meo-metodikken er ein del av vårt arbeid med å styrke relasjonskompetanse og kvaliteten i samspela i kvardagen.
Vi oppfordrar nyutdanna pedagogar til å søkje.
Hos oss får du god fagleg støtte frå dag éin, inkludert profesjonsrettleiing, tett samarbeid med kollegaer og rom for fagleg utvikling. Du blir tatt godt imot av engasjerte og varme medarbeidarar som er opptekne av leik, nærvær og gode relasjonar.
Arbeidsoppgåver
Leie og organisere det pedagogiske arbeidet, og jobbe målretta for enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplan.
Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam gjennom aktivt samarbeid med styrar, pedagogar, øvrige tilsette og føresette.
Ta initiativ til og vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, og sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.
Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeide for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.
Rettleiing av tilsette og foreldre.
Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning.
Søkarar må tilfredsstille krav som kjem fram i barnehagelova kapittel VI – personal.
Godkjend politiattest jf. barnehagelova § 30 må liggje føre før oppstart.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunne dokumentere språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehagelova § 18 a).
Attestar og vitnemål:
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende (hkdir.no), og utanlandske attestar må vere omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Vi gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing i lønsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Du har interesse for og ønskje om å arbeide for det som er best for barna.
Du har blikk for barn si leik og er aktiv saman med barna, både inne og ute.
Du er positiv og vil vere med på å skape og oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta.
Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team.
Du har eit bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leiarteam.
Du ser på barn og føresette med respekt, og viser omsorg, glede og fleksibilitet.
Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv.
Du har evne til å motivere kollegaer.
Du har fokus på nærvær. Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
Eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kompetanseheving
God onboarding og støtte i leiarrolla
Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
Ulike velferdsordningar
Gode forsikringsordningar
Nyutdanna barnehagelærar vi få tilbud om veiledning for nytilsette.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
FerdigheterAI-generert
- Barnepass
- Dokumentere bevis
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fredheimsvegen 18, 4350 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagogisk, Leder, barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450718532
- Sist endret


