Sjukepleiar/Vernepleiar
Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?
Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig eit vikariat på 70%. For tida er stillinga i to-delt turnus (dag/ kveld) og arbeid kvar tredje helg. Oppstart frå snarast og til 31.12.26.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld 5 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri, Almennpsykiatrisk , Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Sunnmøre har 10 sengeplassar og 4 intensivplasser/skjermingsrom. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med fyrstelinetenesta. Ved Akutt psykisk helse Sunnmøre arbeidar vi tverrfagleg i team som består av psykiater, psykolog, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Medisinansvar
- Ansvarsvakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
- Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon
- Du er god på å skape allianse med pasientane
- Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
- Du må vere fysisk og mentalt rusta til å handtere utagerande pasientar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Andreas Trædal, Seksjonsleiar, andreas.traedal@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5078802484
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 26.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450709811
- Sist endret

