
Vil du ta del i campusutviklinga ved et av Norges største universitet?
OsloMet - storbyuniversitetet
- Frist 25.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiarar ved OsloMet
Vil du ta del i campusutviklinga ved et av Norges største universitet?
Vil du vere med på campusutviklinga ved eit av Noregs største universitet?
OsloMet skal etablere ein ny campus på Lillestrøm og har fleire spanande prosjekt på våre to campusar. Vi treng difor to nye prosjektleiarar til ulike prosjekt i bygningsmassen vår, og vi ønskjer deg som er engasjert i eigedomsutvikling og god arealutnytting.
I tillegg til de to faste stillingane kan det bli aktuelt å tilsette i et vikariat med varigheit ut mai 2027.
Det er to faste stillingar som prosjektleiar ledige for snarleg tiltreding. Som prosjektleiar hos oss vil du bli ein del av eit dyktig og erfarent prosjektteam. Avdeling for Eigedom har om lag 50 tilsette og har mellom anna ansvar for universitetet sin bygningsmasse, totalt 175 000 kvadratmeter fordelt på to campusar: i Pilestredet i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm.
Høyrest dette spanande ut? Då håpar vi å få søknaden din!
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere å
- leie større og mindre prosjekter, blant annet planlegge, gjennomføre, kvalitetssikre og evaluere prosjekt
- prosjektleiing av universitetets byggearbeid, følge opp leverandører, utarbeide tegninger, kravspesifikasjonar og dokumentasjon
- planlegge og utvikle nye prosjekter i eigedomsporteføljen
- koordinere og samarbeide med ulike interessentar i prosjekta, som eksterne aktørar, leverandørar, utleier, studentar og tilsette
Vi ser etter deg som har
- relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, fortrinnsvis som interiørarkitekt eller arkitekt. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- erfaring med leiing av byggeprosjekt
- god kjennskap til Archicad, Revit eller tilsvarande BIM-verktøy
- god kjennskap til Adobe Illustrator, InDesign og Photoshop
- gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det er ein fordel at du har
- erfaring frå offentleg sektor, gjerne universitets- og høgskolesektoren
- erfaring frå større byggeprosjekt, gjerne utvikling av publikumsareal eller tilsettareal
- fagleg nysgjerrigheit og interesse for eigedomsutvikling og byggeprosjekt i universitetssektoren generelt, og ved OsloMet spesielt
Vi ynskjer deg som
- er initiativrik, systematisk og resultatorientert
- tenker heilskapleg og strategisk, men samtidig sikrar operativ gjennomføring
- har gode kommunikasjonsevner, og evner til å bygge nettverk breitt i organisasjonen
- har god organisasjonsforståing og gode analytiske evner
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
OsloMet ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi jobbar aktivt for å vere ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette for tilsette som har behov for særskild tilrettelegging. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, ønskjer vi deg òg velkomen som søkjar.
Vi kan tilby deg
- en spennande jobb på Norges tredje største og mest urbane universitet
- moglegheiter for fagleg utvikling innanfor eigedomsutvikling, byggeprosjekt og prosjektleiing
- et kreativt, dynamisk og hyggeleg arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må leggje fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokumenta, slik at du som kandidat kan få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Andre opplysningar
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, kan du kontakte:
- eigedomsdirektør, Mariann Stenby Hole, mobil 916 56 646
Stillinga blir løna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønspolitikk i stillingskode 1113 prosjektleiar, med ei årsløn på kr. 645 000 - 790 000 avhengig av kvalifikasjonar. Vi kan vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 prosent i innskot til Statens pensjonskasse.
Du kan som søkjar med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer, vil du bli varsla før publisering.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 25. februar 2026.
Ref.: 26/03301
FerdigheterAI-generert
- ArchiCAD
- BIM
- Byggprosjektledelse
- Erfaring fra store byggeprosjekter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Pilestredet 46, 0167 Oslo
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Arkitekt, Arkitekt og planlegging, Bygg/Anleggsleder
Nøkkelord
Prosjektledelse, Eiendomsutvikling, Byggeprosjekter, Arealutnyttelse, Campusutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450625006
- Sist endret
