Helsefagarbeidar
Vaksdal kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Omsorg pluss i Vaksdal kommune har ledig 60 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Moglegheit for høgare stillingsprosent i kombinasjon med heimesjukepleien.
Vi arbeider personsentert og har fokus på å gi omsorg med respekt, fagleg kvalitet og menneskeleg varme.
Omsorg pluss er eit tenestetilbod som ligg i trinnet mellom tilbod i ordinær omsorgsbustad og institusjon i innsatstrappa. Det vil seie at personar som får tildelt bustad i omsorg pluss-tiltak, har i utgangspunktet eit for stort omsorgsbehov til at heimetenesta klarer å gi eit forsvarleg omsorgstilbod i heimen og for lite omsorgsbehov for langtidsplass i institusjon. Avdelinga har 5 plassar og er bemanna med faste tilsette på dag- og kveldstid. Her disponerer brukarane eiga leilegheit med stove, soverom, kjøkken og bad. I tillegg kan dei nytte seg av fellesareal, måltid og aktivitetar saman med dei andre bebuarane.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Oppfølging av pasientar med stell og pleie
- Hjelp til daglege gjeremål
- Medisinhandsaming
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
- Kontakt og samarbeid med pårørande
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
- Krav om godkjend politiattest
- God framstillingsevne, både munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø.
- Du evnar å sjå samanhengar og bidra til heilskapleg tenking på tvers av avdelingar og arbeidsområde
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune kan tilby
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
- Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450605856
- Sist endret
