Rådgivar applikasjonsforvaltning
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar applikasjonsforvaltning
Rådgivaren skal vurdere applikasjonar, her m.a. gjennomføre risikovurderingar, personvernvurderingar og kvalitetssikre databehandlaravtalar på kompetanse- og næringsområdet. Nye behov skal vurderast opp mot andre applikasjonar i porteføljen til fylkeskommunen. Stillinga har ei koordinerande rolle knytt til forvaltning av applikasjonar der systemeigar og- forvaltarrolla ikkje er tydeleg plassert innafor kompetanse- og næringsområdet (inkl. skolane). Stillinga skal bidra til vedlikehald av rammeverket og implementering av applikasjonsforvaltning i fylkeskommunen.
Arbeidsoppgåver
- vurdere og risikovurdere nye applikasjonar opp mot eksisterande applikasjonsportefølje med mål om forenkling og standardisering
- vere ein koordinator mellom ulike aktørar ved nye applikasjonsbehov, til dømes skoleeigar, skolane, IT, juridisk seksjon
- vurdere databehandlaravtalar og andre avtalar som regulerer at informasjonssikkerheit og personvern er i tråd med gjeldande regelverk
- bidra til utvikling og vedlikehald av rammeverket for applikasjonsforvaltning i samarbeid med IT-seksjonen
- rådgiving og opplæring
- vere personvernkoordinator for kompetanse- og næringsavdelinga
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan juridiske fag og/eller fagområdet informasjonssikkerheit og personvern
- god forståing for bruk av digitale løysingar i arbeidsprosessar
- erfaring frå handtering av oppgåver knytt til applikasjonsforvaltning og databehandlaravtalar
- gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vedkommande
- er initiativrik, sjølvgåande, systematisk og strukturert
- er fleksibel og har evne til å arbeide heilskapleg og prosessorientert
- har evne til å bygge nettverk og vedlikehalde relasjonar som grunnlag for langsiktig og velfungerande samarbeid
- evner å kommunisere og samarbeide effektivt med medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn
- opptrer profesjonelt med høg grad av integritet
- kan setje seg inn i andre sine behov og vere ein støttespelar og fasilitator for applikasjonsforvalting og anna digitaliseringsarbeid, spesielt skolane
Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein kvalitets- og resultatorientert organisasjon med tydeleg kultur for læring og utvikling. Vi skal kontinuerleg utvikle tenestene og rollene som fylkeskommunen har. Møre og Romsdal fylkeskommune stiller krav om at du er ein tydeleg medspelar.
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- Løn etter avtale
- Vi legg til rette for kompetanseutvikling etter behov
Om arbeidsplassen
Stillinga ligg til Stab for organisasjon og tenesteutvikling. Avdelinga består av HR-seksjonen, kommunikasjonsseksjonen, digitaliseringsseksjonen og IT-seksjonen. Denne stillinga er plassert i digitaliseringsseksjonen, men vil ha nært samarbeid IT-seksjonen, Stab for juridiske og administrative tenester, kompetanse- og næringsavdelinga og skolane, Avdelinga har arbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Til denne stillinga ønskjer vi primært lokalisering i Molde eller Kristiansund, men med riktig kandidat kan arbeidsstad i Ålesund også vurderast.
FerdigheterAI-generert
- Applikasjonsforvaltning
- Behandle søknader
- Digitale ferdigheter
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Informasjonssikkerhet
- Juridisk kompetanse
- Risikovurdering
- Risikovurdering (forsikring)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling - Møre og Romsdal fylkeskommune
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: IT, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-sikkerhet, Personvernrådgiver, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Personvern, informasjonssikkerhet, applikasjonsforvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450573929
- Sist endret