Saksbehandlar graveløyve
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Saksbehandlar graveløyve
Møre og Romsdal har 3014 km med fylkesveg. Vi er med det ein av fylkets største grunneigarar, og heilt klart fylkets største nabo. Alle som skal gjennomføre tiltak som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs vårt vegnett må søke oss om løyve. Vi har no ledig ein 100% fast stilling på plan og trafikkseksjonen ved fylkesvegavdelinga som mellom anna kan handsama søknadene og følgje opp løyvet i etterkant. Andre forvaltningsoppgåver som til dømes ÅDT belegning og oppgåver knytt til veglista må påreknast. For rette vedkommande vil vi utvide stillinga til å omfatte gjennomføringsavtaler. Vi har digital saksbehandling gjennom ISY Road gravesøknad, og vi har tett dialog med driftsmiljøet for oppfølging.
Du blir fast tilsett i plan og trafikkseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kontorstad. Du må rekne med ein del bilkøyring i heile fylket og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Plan- og trafikkseksjonen har ansvaret for dei fleste forvaltningsoppgåvene knytt til fylkesvegane i fylket. I dette ligg mellom anna arbeid med forvaltning og prosjektering knytt til bru- og ferjekai, trafikktryggleik, handsaming av saker etter plan og bygningslova, trafikkteknikk, vegplanlegging og utarbeiding av regulerings- og kommunedelplanar, eigedom og grunnspørsmål, tilstandsregistrering, vegdata og geodataarbeid.
Arbeidsoppgåver
Alle som skal gjennomføre tiltak som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs vårt vegnett må søke oss om løyve. Du vil handsama søknadene og følgje opp løyvet i etterkant. Andre forvaltningsoppgåver som til dømes ÅDT belegning og oppgåver knytt til veglista må påreknast. For rette vedkommande vil vi utvide stillinga til å omfatte gjennomføringsavtaler.Vi har digital saksbehandling gjennom ISY Road gravesøknad, og vi har tett dialog med driftsmiljøet for oppfølging.
Kvalifikasjonar
- har bachelor eller master i ingeniørfag. Fagskuleutdanning med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.- det er ein fordel med relevant erfaring frå offentleg forvalting
- førarkort klasse B
- Har god muntlig og skriftlig framstillingsevne i Norsk
Personlege eigenskapar
- er god på å kommunisere- arbeider systematisk, er detaljorientert og nøyaktig
- tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
- er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Ingeniørarbeid
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Saksbehandle søknader
- Trafikkplanlegging
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Flere arbeidssteder: Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ingeniør bygg og anlegg, Anleggs ingeniør, vegingeniør, kontrollingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449635800
- Sist endret
