Rådgjevar - pasientreise
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å jobbe i eit sterkt fagmiljø med viktige samfunnsoppgåver?
Om stillinga
Vi er på jakt etter engasjerte og dyktige sakshandsamarar til to faste stillingar i helse-, sosial- og barnevernsavdelinga vår, på kontorstad Leikanger.
Vi jobbar på oppdrag frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet, og har ansvar for viktige rettstryggleiksoppgåver i helse- og omsorgssektoren.
Frå 1. januar 2026 har vi ansvaret for pasientreiseklager frå heile landet. Når ein innbyggjar reiser til og frå behandling som vert dekt av det offentlege, kan dei ha rett til reisestønad. Pasientane gjennomfører reisene på eigenhand, og sender søknad om reisestønad til Pasientreiser HF i etterkant. Dersom søkjaren ikkje er samd i vedtaket til Pasientreiser HF, kan dei klage til Statsforvaltaren.
Arbeidsoppgåver
Du skal jobbe med fordeling, og sakshandsaming av klagesaker knytt til pasientreiser, og du kan få høve til å delta i utviklingsarbeidet på feltet.
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad i administrative, økonomiske eller juridiske fag, eller anna relevant utdanning og/eller arbeidserfaring
- God munnleg og skriftleg førestellingsevne på norsk
- Gode IKT/digitale ferdigheiter
Ved vurdering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på
- faglege kvalifikasjonar
- erfaring frå saksområda som ligger til stillinga
- høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- gode evner til samarbeid og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- kan arbeide effektiv og strukturert
- er initiativrik
- har høg arbeidskapasitet
- likar å arbeide sjølvstendig, og som samtidig har gode samarbeidsevner
- bidrar til eit godt og hyggeleg arbeidsmiljø
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 550 000-720 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Bedriftsøkonomi
- Digitale ferdigheter
- Handelsutdanning
- Juridisk kompetanse
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Økonomi og regnskap, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450561715
- Sist endret