Overlege
Kirurgisk serviceklinikk/ Seksjon for smertebehandling, Helse Bergen HF
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du å arbeide i eit tverrfagleg miljø med spennande diagnoseuavhengige problemstillingar?
Nå er det ledig 100% fast stilling for overlege ved Seksjon for smertebehandling.
Seksjon for smertebehandling er ein seksjon i Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA), i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). SMEPA består av Seksjon for smertebehandling, Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest. SMEPA er for tida under omorganisering der Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling frå hausten av vil vere organisert under Kreftavdelinga. Seksjon for smertebehandling blir verande i Kirurgisk serviceklinikk. Les meir om oss
Stillinga er knytt til Seksjon for smertebehandling som består av poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team.
Poliklinikken får tilvist omkring 900 – 1000 pasientar årleg. Vi arbeider hovudsakleg i tverrfaglege team beståande av lege, psykolog og fysioterapeut. Seksjonen vurderer pasientar, set i gang behandlingsløp og gir råd til primærhelsetenesta. Vi tilbyr i tillegg ulike typar gruppebehandling. Vi har jobbspesialist frå NAV knytt til avdelinga og har stort fokus på samhandling med primærhelsetenesta.
Akuttsmerteteamet mottar tilvisingar frå heile sjukehuset og bidrar med råd og tilsyn til innlagde pasientar med samansette og kompliserte akutte smertetilstandar.
Det er fleire prosjekt i seksjonen, det er nasjonalt forskingssamarbeid under planlegging og vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tilbodet vårt. Seksjonen har eit tett samarbeid med fagmiljøa både regionalt og nasjonalt.
I seksjon for smertebehandling er det tilsett anestesilegar og fysikalsk medisinarar. No treng vi å styrke legebemanninga og vi håper du som er nysgjerrig på faget, engasjert i pasientar med samansette problemstillingar og likar å jobbe tverrfagleg i et triveleg miljø, vil vere med å prege utviklinga av Noregs eldste, tverrfaglege smerteklinikk.
Avhengig av bakgrunn, kompetanse og erfaring vil det bli gitt nødvendig opplæring for stillinga.
Arbeidsoppgåver
Poliklinikk for langvarige smerter:
- Delta i tverrfagleg vurdering og behandling av pasientar
- Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell i ulike samarbeidsmøte
- Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personell- grupper
Akuttsmerteteamet:
- Tilsynsfunksjon for oppfølging av innlagte pasientar, både barn og vaksne, med vanskelege akuttsmertetilstandar
- Bidra til gode pasientforløp når det gjeld smertevurdering pre- og postoperativt
- Tett samarbeid med andre legar i Kirurgisk serviceklinikk
- Mykje kontakt med andre sjukehusavdelingar ved tilsyn, undervisning og faglege diskusjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialistgodkjenning i relevant fagområde er ønskeleg (t.d. allmennmedisin, fysikalsk medisin, anestesiologi, psykiatri, geriatri, nevrologi )
- Legar i utdanningsløp til relevant fagområde kan også søke
- Forskingserfaring er ein fordel
- Det er ønskeleg at den som blir tilsett også tar kompetanseområde i smertemedisin
- Kompetanse og erfaring innan smertebehandling er ønskeleg
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på klinisk erfaring
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar/pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du bidrar positivt i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Tett samarbeid med andre seksjonar i KSK og med ulike avdelingar på sjukehuset
- I seksjon for smertebehandling er det for tiden ikkje vaktordning, men arbeid på dagtid.
- Dersom søkar har interesse for og/eller kompetanse i palliativ medisin, vil avdelinga sjå nærare på om det er mogleg å kombinere stillinga på tvers av seksjonane
- Avdelinga har utdanningsutval for legane og også felles undervisningar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tone Høivik, Seksjonsoverlege, 55976857, tone.gulli.hoivik@helse-bergen.noMarte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5072778432
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450440631
- Sist endret

