
Operasjonssjukepleiar
Helse Bergen HF
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Operasjonssjukepleiar ved hovud/hals-seksjonen
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid, presisjon og pasienttryggleik står i sentrum?
Hovud/hals-seksjonen er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus, og er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) som er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store deler av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og traumemedisin på sjukehuset.
Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar i tredelt turnus (35,5t/u).
Trivst du med travle dager, faglege utfordringar, og godt samarbeid på tvers av fagmiljø som gjer arbeidsmiljøet utviklande og trygt? Då håper vi å ha vekt interessa di for å søke stilling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Bistå ved operasjonar, steril- og koordinerande funksjon
- Ansvar for å planlegge og gjennomfører oppgåver knytt til operasjonspasienten
- Sikre god flyt og gjennomføring av operasjonsprogram
- Samhandling med andre yrkesgrupper både i eigen avdeling/klinikk og med våre samarbeidspartnarar
- Rettleing av studentar i spesialisering og nytilsette
- Delta i daglege driftsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og godkjend vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Dersom du har erfaring med nevrokirurgi eller ØNH-kirurgi frå før er det ein fordel, men inga føresetnad
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker at du skal gi ditt bidrag til vårt gode arbeidsmiljø
- Du kommuniserer og samarbeider godt med andre
- Du må kunne arbeide strukturert og ta ansvar for eigen utvikling og kompetanse
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du bør vere sjølvstendig og samarbeidsvillig
- Du har pasienten i fokus i arbeidet ditt
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Eige program for nytilsette
- Store faglege utfordringar med dyktige medarbeidarar
- Akutt-team 24/7
- Aktivt fagmiljø
- Lønn etter tariff
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Operasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nevrokirurgi, Øre-nese-hals, Kjeve, traumeteam, operasjonssykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449614813
- Sist endret



