Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Stryn Kommune
- Frist 5.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Stryn kommune har i alt 7 barnehagar i Vikane, Olden, Loen, sentrum, Nordsida og Oppstryn. Av desse er 3 i kombinasjon med skule og SFO og 4 sjølvstendige barnehagar.
Det vil bli ledige stillingar for barnehagelærarar ved barnehagar I Stryn, både i heil- og deltidsstillingar, fast og vikariat. Behov for tilsetting vil bli klart etter barnehageopptaket er gjennomført. Utlysinga er ei fellesutlysing for tilsetting for barnehageåret 2026/27 med oppstart 1. august 2026.
Vi ser etter deg som har lyst til å delta i utviklinga av barnehagane i kommunen vår, som barnehagelærar og/eller pedagogisk leiar. Er du ein person med engasjement, god relasjonskompetanse, er omsorgsfull og likar å jobbe med born saman med gode kollegaer, oppfordrar vi deg til å søke.
Arbeidsoppgåver
Arbeid og ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Legge til rette og delta i leik og læring
Delta aktivt i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
Krav om fullført utdanning som barnehagelærar
God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
Relevant praksis vert veklagt
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner samt evne til sjølvstendig arbeid
Trygg omsorgsperson og god rollemodell
Personlege føresetnader vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Kontaktinformasjon
Ingrid Sylvia Renberg, Kommunalsjef oppvekst , 95161165Anne-Siv Jevnehagen, HR-ansvarleg, 57874734
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 STRYN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5071504965
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450388323
- Sist endret
