Høgskulelektor i pedagogikk
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Høgskulelektor i pedagogikk
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100% som høgskulelektor i pedagogikk i barnehagelærarutdanninga ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Sogndal, og er ledig frå 01.08.2026.
Arbeidsstaden er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til bachelor i barnehagelærerutdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
- Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet.
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Det må påreknast noko reising i stillinga, til dømes undervisning på andre campus.
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2024-06-28-1392/KAPITTEL_13#KAPITTEL_13).
Formell utdanning og kompetanse:
- For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad i pedagogikk med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Personlege eigenskapar:
- Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
- Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
- Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
- Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
- Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
- Erfaring og kunnskap knytt til tema observasjon, leik og/eller didaktikk.
- Kompetanse om pedagogisk utviklingsarbeid.
- Utdanning som barnehagelærar.
- Internasjonal erfaring.
Utdanningsfagleg kompetanse for høgskulelektor:
- Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Kvalifikasjonar innanfor undervisning i grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning vil bli tillagt stor vekt.
- Søkjarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i samsvar med forskrifta må oppfylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høgare utdanning.
- Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet (https://www.hvl.no/om/sentrale-dokument/reglar/kvalifikasjonskrav-til-utdanningsfaglig-basiskompetanse-for-ansettelse-opprykk-og-overgang-ved-hvl/).
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av ein sakkunnig komite. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet (https://www.hvl.no/om/sentrale-dokument/reglar/kvalifikasjonskrav-til-utdanningsfaglig-basiskompetanse-for-ansettelse-opprykk-og-overgang-ved-hvl/).
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til sakkunnig komite. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Assisterande instituttleiar Jannike Lyngtun
E-post: jly@hvl.no
Tlf.: 452 19 368
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)
FerdigheterAI-generert
- Bruke verktøy
- Forskning og utviklingsarbeid
- Småbarnsopplæring
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrgata 6, 6856 Sogndal
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452963513
- Sist endret
