Er du vår nye PP-rådgivar?
Ulstein kommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
INTERKOMMUNAL PPT (pedagogisk psykologisk teneste)
Interkommunal PP-teneste yter bistand til kommunane Hareid, Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda. Ulstein er vertskommune og kontorstaden er Ulsteinvik.
Vi har ledig 100% vikariat i eitt år frå 1.august 2026. Det kan bli aktuelt med forlenging i inntil eitt år.
Vi har omlag 30 tilsette som arbeider på tvers av kommuner og fagområde. Vi samarbeider med barnehagar og skular om kompetanseheving, organisasjonsutvikling og endringsleiing for å utvikle gode læringsmiljø og tilpasse opplæringa betre for alle born og elevar. PPT er kommunen sin sakkunnige instans etter barnehagelova og opplæringslova.
Arbeidsoppgåver
- Observasjon, kartlegging, rettleiing og utgreiing på system og individnivå
- Sakkunnig arbeid etter opplæringslova og barnehagelova
- Samarbeid med brukaren, føresette, barnehage, skule og hjelpeapparatet
- Utviklings - og endringsarbeid i barnehagar og skular
- Kompetanseheving og samarbeid med rektorar, styrarar og kommunalsjefar
- Kompetanse- og utviklingsarbeid i eigen organisasjon
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse og erfaring på desse områda:
- Høgskule/universitetsutdanning frå relevante fagområde innan pedagogikk, sosialfag og psykologi
- Relevant erfaring frå til dømes barnehage, skule, høgskule, PPT, leiing av utviklingsprosjekt og arbeid med barne og unge
- Kunnskap om systemarbeid i små og større organisasjonar
- God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega som brenn for forebygging, er fagleg engasjert og pålitelig.
- Du evnar å arbeide målretta, systematisk og strukturert
- Du er trygg og skaper gode samarbeidsrelasjonar
- Du likar å jobbe saman med andre med ulik fagbakgrunn
- Du bidreg aktivt til nyskaping og forbedring i smått og stort
Vi tilbyr
- Eit stort fagmiljø med svært høgt fagleg engasjement og høg kompetanse
- Ein arbeidsplass som er i utvikling og dialog med over 90 einingar i kommunar og fylkeskommunen
- Ein variert arbeidskvardag
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetting skjer på kommunale vilkår med mellom anna fleksitidsordning
- Den som vert tilsett må kunne nytte eigen bil i tenesta. Køyregodtgjersle etter statens satsar.
Kontaktinformasjon
Nina Garshol, PPT leiar, +47 99649870Arbeidsstad
Sjøgata 636065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommuneReferansenr.: 5071242141
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 02.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450265064
- Sist endret


