Kommunikasjonsrådgivar og samfunnskontakt
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre
- Frist 10.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er SpareBank 1 SMN sin største eigar. Gjennom utbytte frå vårt eigarskap i banken, gir vi betydelege midlar i gåver til allmennyttige prosjekt på Søre Sunnmøre. Sidan starten i 2023 har vi delt ut 100 mill. i gåver til lag og organisasjonar. Det skal vi fortsette med, og vår visjon er: Saman skapar vi engasjerte lokalsamfunn.
Vi søkjer etter kommunikasjonsrådgivar og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre
Vil du vere med og utvikle engasjerte lokalsamfunn på Søre Sunnmøre?
Brenn du for frivilligheit og gode historier frå regionen vår?
No har du sjansen!
Om stillinga
Vi søkjer etter samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar og samfunnskontakt som vil bidra til at Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre blir ein synleg og aktiv støttespelar i lokalmiljøa våre. Du får ansvar for kommunikasjon og samfunnskontakt – og for å følgje opp prosjekt som får støtte frå stiftinga.
Du vil jobbe i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, samfunnsutvikling og allmennyttig verksemd, og bli ein viktig samarbeidspartnar for lag, organisasjonar.
Dine hovudoppgåver
Utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsstrategien vår
Formidle historier om korleis stiftinga bidreg til utvikling på Søre Sunnmøre
Behandle og vurdere søknader om gåvemidlar
Hjelpe gåvesøkarar i søknadsprosessen
Proaktiv og utvikle prosjekt saman med ulike aktørar
Oppdatere heimesida og sosiale medium
Synleggjere prosjekt og initiativ vi støttar, samt drive og følgje opp prosjekt
Representere stiftinga på arrangement og i møte med lokalsamfunn
Vi søkjer deg som har:
Relevant høgare utdanning eller tilsvarande kompetanse
Erfaring med sjølvstendig saksbehandling
God forståing for kommunikasjon og sosiale medium
Solid kjennskap til Søre Sunnmøre
Gjerne erfaring frå frivillig arbeid
Som person er du:
Sjølvstendig, initiativrik og god til å fullføre prosjekt
Dyktig på relasjonsbygging, strukturert og nøyaktig
God til å kommunisere både munnleg og skriftleg
Trives i møte med menneske og ulike miljø
Vi tilbyr:
Ei spennande og nyoppretta stilling med store moglegheiter til å påverke utforminga av jobben
Varierte arbeidsoppgåver med brei kontaktflate mot lokalsamfunnet, andre sparebankstiftingar og eksterne samarbeidspartnarar
Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordning
Ei meiningsfull stilling med stor påverknad av samfunnsutvikling
Eit nært samarbeid med eit engasjert styre og engasjert kollega
Kontorstad er i Volda
Stillinga rapporterer direkte til dagleg leiar.
Har du lyst til å bli med oss på reisa for å styrkje frivilligheita på Søre Sunnmøre? Vi gler oss til å høyre frå deg!
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med
styreleiar Sigrun Heltne Vartdal Tlf. 98 28 78 39 sigrun.vartdal@orsta-nk.no
eller dagleg leiar Arne Lothe Tlf. 90670890 arne@sparebankstiftingass.no
Alle henvendingar handsamast konfidensielt.
Send søknad og CV innan 10.02.2026.
Ferdigheter
- Behandle søknader
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Kommunikasjonsevner
- Oppdatere og vedlikeholde NNDs nettsider, intranettsider og sosiale medier
- Representere organisasjonen
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Sparebanktradisjonen vår stara i 1853 med Voldens og Ørstens Sognes Sparebank. Sparebanken vart etablert for å fremje sparing, økonomisk tryggleik og samfunnsutvikling. Verdiane som framleis pregar sparebankane er ansvar, nærleik og engasjement. Desse verdiane ligg framleis til grunn for arbeidet i stiftinga. Vi skal bidra til varige verdiar for samfunnet, slik sparebankane alltid har gjort.
Gjennom utbytte frå vårt eigarskap i Sparebank 1 SMN, gir vi betydelege midlar i gåver til allmennyttige prosjekt på Søre Sunnmøre. Sidan starten i 2023 har vi delt ut 100 mill. i gåver til lag og organisasjonar. Dette skal vi fortsette med.
- Sektor: Privat
- Sted: Kyrkjegata 13, 6100 Volda
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
samfunnsutvikling, kommunikasjonsstrategi, rådgjevar, allmennyttig, søre sunnmøre
Nestleiar i styret Atle Vasbotn Remmereit, dagleg leiar Arne Lothe, styreleiar i stiftinga Sigrun Heltne Vartdal (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444618961
- Sist endret
