Seksjonsleiar - legegruppa
Barn og unge legar, Helse Førde
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas barne- og ungdomshelsetenester? Vi søkjer leiar for legegruppa i BUA.
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) i Førde har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar som brenn for å gi barn, unge og familiane deira den beste helsehjelpa. No leitar vi etter ein tydeleg, trygg og motiverande leiar for den engasjerte legegruppa vår – ein person som ønskjer å vere med å drive utvikling, styrke samarbeid og sikre høg kvalitet i alle ledd.
BUA er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature frå og med gestasjonsalder
32 veker, mogleg yngre dersom dei er behandla og stabilisert ved
regionsjukehus. Elles gir avdelinga tenester til alle barn og unge frå 0-16 /18 år. Legetenesta omfattar sengepost med totalt 10 senger, poliklinikk, habilitering for barn og unge og tenester i Barnehus.
Seksjonsleiar for legarar ei nyoppretta stilling organisert under avdelingssjef i Barne- og ungdomsavdelinga. Stillinga inneber heilskapleg ansvar for fag, økonomi og personal for legetenesta, i tillegg til deltaking i leiargruppa i BUA. Seksjonsleiaren vil få støtte frå fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef. Seksjonen har til ei kvar tid om lag 15 legar tilsett, og har har fagavtale med Barneklinikken ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
BUA har dei seinare åra gjennomført omfattande og spennande utviklingsarbeid, med ny og moderne sengepost og ein oppussa poliklinikk - begge samla i same etasje.
Vi arbeider kontinuerleg med vidare utvikling og forbetring av tenestene og organiseringa, og håper akkurat du vil vere med oss i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal
- Leie og vidareutvikle fagmiljøet i BUA
- Planlegge oppgåver, fordele ressursar og koordinering av legetenestene
- Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
- Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
- Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak
- Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn
- Erfaring frå kompetansearbeid blant legar eks. fagutvikling, kompetanseheving opp mot ulike fagområder t.d. LIS utdanning
- God datakunnskap / tryggleik i bruk av dataverktøy
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Føretrekte kvalifikasjonar
- Erfaring frå barne- og ungdomsmedisin er ønskjeleg
- Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning er føretrekt
- Kjennskap og erfaring med drift av legeteneste i sjukehus er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode organisatoriske evner og trivst i ei leiarrolle
- Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig
- Du har sterke kommunikasjonsevner og legg til rette for god samhandling internt og eksternt.
- Du har eigenskapar som fremjar kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
- Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta og ser verksemnd i BUA som ein viktig del i det samla helsetilbodet i Helse Førde sitt nedslagsfelt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt fagmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing og fag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Horstad Berget, Avdelingssjef, 578 39 116Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5072913084
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449833889
- Sist endret
