Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Førde
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Førde
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til åanvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarnekollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt vel 350 medarbeidarar, fordelt på seks sjukehusapotek ogein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag fårlegemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.
Her på sjukehusapoteket i Førde er vi cirka 30 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept.
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 22. juni til 16. august. Du må gjerne jobbe heile denneperioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er detkjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar:
- farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
- andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-kunnskapar
Kven er du?
- Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr:
- sjansen til fagleg og personleg utvikling
- gode og støttande kollegaer
- opplæringa du må ha
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Farmasi
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker, Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommer, apotek, ferie, vikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447371025
- Sist endret


