Sommarvert i Agatunet
Agatunet
- Frist 22.2.2026
Me ser etter deg som
- Er serviceinnstilt og trivst i møte med publikum
- Snakkar godt norsk og engelsk - og gjerne andre språk
- Har gode samarbeidsevner
- Er ansvarleg, sjølvstendig, påliteleg og fleksibel
- Har interesse for kulturhistorie, eller ynskjer å læra meir!
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller kafe er positivt, men ikkje nødvendig - full opplæring blir gitt.
Arbeidsoppgaver
Drøymer du om å bruka sommaren i eit idyllisk og autentisk klyngetun med ei spanande historie? Kanskje har du òg interesse for arkitektur og byggeskikk, kunst og kultur, rettshistorie, middelalderhistore, fruktdyrking og så vidare? Er du glad i folk og historieforteljing, ja då vil vi ha deg som sommarvert til denne perla av eit kulturminne.
Me søker to ulike sommarvertar - kafe/resepsjon og omvisar/resepsjon i perioden mai-august:
Kafe/resepsjon arbeidsoppgåver
- Mottaking av besøkande
- Betjening av museumsbutikk og resepsjon
- Kafevakter med ansvar for enkel matlaging og kundebehandling
- Reinhald og orden, med oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
- Yte bistand ved avvikling av arrangement som t.d utstillingar, konsertar og utleige av lokala
Omvisar/resepsjon arbeidsoppgåver
- Mottaking av besøkande
- Betjening av museumsbutikk og resepsjon
- Omvisning i tun til faste tider og til private omvisningar på norsk og engelsk
- Reinhald og orden, med oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
-
Yte bistand ved avvikling av arrangement som t.d utstillingar, konsertar og utleige av lokala
Vi tilbyr
Me tilbyr
- Løn etter tariff
- Varierte arbeidsdagar der ingen dagar er like
- Arbeidserfaring med ansvar
- Kunnskap om norsk og lokal kulturhistorie
- Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffa husvære
Me har behov for ulike stillingsprosentar, og oppmodar folk i alle aldersgrupper til å søkje. Du treng ikkje kunne jobbe heile perioden for å vere aktuell.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449812138
- Sist endret

