Kommunikasjonsansvarleg
Administrasjon, Sande kommune
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Sande kommune har ledig fast stilling som kommunikasjonsansvarleg i kommunikasjonsavdelinga. Stillinga er ledig frå 01.05.2026.
Kommunikasjonsavdelinga har eit viktig ansvarsområde i kommunen. Avdelinga er ei av fire avdelingar innan kommunen sitt stabsområde. Dei andre er HR, økonomi og plan- og næring. Kommunikasjonsavdelinga er lokalisert på rådhuset på Larsnes og har god samhandling med HR-avdelinga og Frivillighetssentralen. Avdelingane har felles leiar.
Kommunikasjonsavdelinga arbeider mellom anna med: innbyggardialog, sentralbord, intern kommunikasjon, arkiv og sakshandsaming, politisk sekretariat, støttefunksjonar for administrasjon og leiing. Avdelinga har ei sentral rolle i å sikre openheit, kvalitet og god samhandling i og utanfor organisasjonen.
Vi søkjer ein person med god digital kompetanse og interesse for kommunikasjon, som vil arbeide med tekst, foto og innhald på heimeside, sosiale medium, intranett, i kombinasjon med strategisk og administrativt arbeid.
Arbeidsoppgåver
- bidra til å utvikle og følgje opp kommunen sin kommunikasjonsstrategi
- arbeide strategisk og praktisk med internkommunikasjon og innbyggarkommunikasjon
- støtte kollegaer innanfor kommunikasjonsfaglege spørsmål
- delta i relevante interkommunale faggrupper
- delta i daglege administrative oppgåver i avdelinga
- delta i utviklingsarbeid og forbetring av rutinar og digitale løysingar
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning på bachelornivå (lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
- god digital kompetanse og interesse for digitale kommunikasjonskanalar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
- Det er ein fordel om du har erfaring med Indesign, Photoshop eller Premier pro.
Personlege eigenskapar
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- er utviklingsorientert og tenkjer strategisk
- har god samarbeidsevne og likar å støtte og rettleie kollegaer
- er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- ei spennande og samfunnsnyttig stilling i ein kommune i utvikling
- varierte arbeidsoppgåver med både strategisk og operativt innhald
- godt fagmiljø og engasjerte kollegaer
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Karen-Marie Hjelle, leiar, +47 92178280Arbeidsstad
Rønnebergplassen 76084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5071707877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449805529
- Sist endret