Fagarbeidar i barnehage
Oppvekst - barnehage
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage?
Me søkjer barne- og ungdomsarbeidarar som likar å laga gode kvardagar saman med små barn.
Frå 1. august kan me ha ledige stillingar som fagarbeidar i barnehagane våre.
Me søkjer etter deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augeblikk. Barnehagane er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling.
- Har du særskilde ynskje om arbeidsstad og stillingsstorleik er det viktig at du skriv di prioritering i søknaden
- Har du søkt på open søknad i løpet av året må du likevel søkje på denne utlysinga
- Barnehagane våre er plassert i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og Ålvik
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i å utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått nivå A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jf. barnehageloven §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Er påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Har godt humør og positiv innstilling
- Er leiken og evnar å inspirera og engasjera barn
- Møter barn, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Marit Linga, Styrar Strandebarm barnehage, 94178356Gunn Anita Mo, Konst. styrar Tørvikbygd barnehage, 94146670
Karin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845
Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904
Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183
Hanne Jørgensen, Styrar Ålvik barnehage, 95018539
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 305600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5073947130
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449779180
- Sist endret

