Servicekontor- vikariat
Stranda kommune
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Stranda kommune har ledig vikariat i inntil 70% stilling som konsulent ved Servicekontoret. Vikariatet gjeld frå 02.03.26 til 31.8.26, med moglegheit for forlenging.
Servicekontoret er kommunen si førstelinje-teneste og eit viktig bindeledd mellom innbyggjarar, administrasjon og folkevalde. Arbeidet er variert og krev fleksibilitet, god rolleforståing og serviceinnstilling.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Vitnemål og attestar skal scannast og leggast ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Politisk sekretariat
- Sentralbord, skranketeneste og posthandsaming
- Saksbehandling etter alkohol- og serveringslova
- Bistå i lønsarbeidet
- Andre administrative oppgåver etter behov og kompetanse
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning eller praksis frå administrativt arbeid
- Erfaring frå offentleg verksemd er ein fordel, men ikkje eit krav
- God digital kompetanse og evne til å lære nye system
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt, fleksibel og samarbeidsvillig
- Evne til å arbeide både sjølvstendig i team
Vi tilbyr
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med kollegaer
- Opplæring i dei aktuelle ansvarsområda
Kontaktinformasjon
Janet Alme, Personalsjef, +47 464 11 019Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5070595756
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449778336
- Sist endret
