Sokneprest med tenestestad Skjåk og Nordberg sokn
Nord-Gudbrandsdal prosti, Den norske kirke, Hamar bispedømme
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
2. gangs utlysning
Ledig soknepreststilling i Skjåk og Nordberg sokn - noe for deg?
Skjåk kyrkjelege fellesråd ligg i Skjåk kommune. Bygda ligg i hjarta av fleire nasjonalparkar. Skjåk er omgjeve av vakker natur og grensar til Møre og Romsdal og Vestland fylke. Skjåk ligg langsmed ei av dei viktigaste ferdselsårane mellom Otta og Nordfjord, Geiranger og dei andre Ottadalsbygdene, rv.15.
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ein del av Nord-Gudbrandsdal prosti som omfattar kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Vågå, Lom og Skjåk kommune. Prostiet er geografisk plassert i dei mektige fjellområda Jotunheimen, Breheimen, Reinheimen, Dovre og Rondane. Prostesete er på Otta i Sel kommune.
Skjåk kommune er ei attraktiv kommune med gode tenestetilbod til innbyggjarane og næringslivet. I Skjåk er det gode og varierte fritidstilbod til små og store.
Skjåk barne -og ungdomsskule 1-10 stod ferdig i 2018 og nyrenovert idretts- og symjehall i 2025. Ny barnehage skal stå klar til bruk hausten 2026.
Jotunheimen vidaregåande skule, ein privat kristen skule, ligg i nærleiken med fleire tilbod, innan studiespesialisering og yrkesfag. Skjåk kommune ligg i sentralitetklasse 6, for sletting av inntil kr 25 000 pr. år av studielån.
Kommunesenteret Bismo er eit moderne bygdesenter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Livet i Skjåk er farga av mangfald på mange område. Pr.i dag er det registrert personar frå 7 ulike land i bygda.
Folketalet er på om lag 2200 innbyggar og ca.83% er kyrkjemedlemmar. Skjåk kyrkjelege fellesråd har to sokn, Skjåk og Nordberg. Ei kyrkje i kvart sokn, Nordberg kyrkje frå 1864 og Skjåk kyrkje frå 1752. Gravplass ved kvar kyrkje. Bygga er av dei største kulturskattane Skjåk har og innbyggjarane kjenner ei sterk tilhøyrsle til desse. Folket i Skjåk er tradisjonsbundne, noko som og speglar det kyrkjelege livet. Folkekyrkja står sterkt og det er god oppslutnad av friviljuge.
Kyrkjekontoret har gode lokal og held til i kommunesenteret Bismo. Den kyrkjelege stab omfattar 2 kyrkjetenarar, kyrkjelydssekretær, organist, trusopplærar og kyrkjeverje, alle i ymse storleik . Staben er velfungerande og har det triveleg i lag både i arbeid og andre samanhengar.
Soknepresten har ansvar for konfirmantundervisning som har jamlege samlingar frå januar og vert avslutta med konfirmasjon i september same året. Tek del på HEKTA konfirmasjonsleir i februar, på Lillehammer.
Soknepresten har jamlege andaktar og andre møtepunkt på Skjåkheimen. Administrasjonsspråket og liturgi er på nynorsk.
Den som blir tilsett må leggja fram politiattest utan merknad, jfr. Politiregisterlova §39, jfr. trussamfunnslova §20.
Det blir utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova §25, jfr. Kyrkjeordninga for Den norske kyrkja §42. Oppmoding om å få sitt namn gjort unntak for denne, må grunngivast i søknadsteksten. Behandlingsgrunnlag etter personvern forordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Arbeidsoppgaver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Soknepresten tek del i trusopplæringsarbeidet saman med kyrkjelyds arbeidar og stab
- Soknepresten har ansvaret for konfirmantarbeidet.
- Andaktar på sjukeheimen.
- Soknepresten har fast plass i Skjåk kyrkjelege råd.
- Tek del i beredskapsordninga i Nord-Gudbrandsdal prosti.
Kvalifikasjoner
Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrive i Tjenesteordningen for kyrkjelydsprestar §3.Praktisk teologisk utdanning.
Søkjaren må opplysa om ein meistrar begge målformer.
Personlige egenskaper
- Evna til å kommunisere med menneske i alle livssituasjonar.
- Evne til godt samarbeid med den kyrkjelege stab, råd og kollegar.
- Ha interesse for å arbeide med born og unge.
- Evne til å arbeide saman med å utvikle det kristne livet i Skjåk.
Vi tilbyr
Stillinga blir lønt i stillingskode 1555 sokneprest.
Innskot i offentleg pensjonskasse.
Skyssgodtgjering for tenestekøyring og andre godtgjersler etter gjeldande reglar.
Arbeidsrettleiing i regien til bispedømmet.
Behjelpelege med å skaffa tenestebustad ved behov.
Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetjing i Den norske kyrkja, og dessutan etter tenesteordning for kyrkjelydsprestar.
Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver og dessutan tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov, regelverk og tenesteordning i Den norske kyrkja.
Hamar bispedømme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja.
Kontaktinformasjon
Birgitte Bentzød, prost, 41309564Eli Bekken, Rådgiver, 62550350
Arbeidssted
Skjåkvegen 6112690 Skjåk
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 5076901540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449767902
- Sist endret