Psykologspesialist
Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Dag - Helse Førde
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter søkjer psykologspesialist til fast stilling.
Vi ønskjer snarleg tilsetjing, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år. På poliklinikken er vi ei gruppe tilsette med ulik fagleg bakgrunn, og vi har eit godt samarbeid på tvers av kompetanse og funksjon.
Vi tilbyr behandling til personar med ulike psykiske lidingar, rusavhengigheit, straffedømde i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar.
På poliklinikken har vi tverrfagleg samansette team som gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet.
Vi har gode moglegheiter for kompetanseheving. og organisasjonen vår har fokus på kunnskapsbasert behandling.
Vertskommunen er Sogndal og opptaksområdet vårt har om lag 30 000 innbyggjarar. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjende for sine bratte fjell og unike natur, som er skapt for ei aktiv fritid: https://www.sogn.no
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Primært poliklinisk arbeid, men det kan og bli arbeid på sengeposten eller ambulant team etter dei behov avdelinga har
- Behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
- Vi legg vekt på brukarmedverknad
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Samhandling med pårørende
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist
- Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
- Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Trivelig arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, (+47) 415 30 396Arbeidssted
Dalavegen 296856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5076130421
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449673005
- Sist endret


